Jo Benkow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jo Benkow

Fødd15. august 1924
Trondheim
Død18. mai 2013 (88 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, fotograf, kjøpmann, skribent
FarIvan Benkow
EktefelleAnnelise Høegh
Alle verv

Jo Benkow, eigentleg Josef Elias Benkowitz (15. august 192418. mai 2013) var ein norsk politikar for Høgre og stortingspresident. Han var stortingsrepresentant for Akershus Høgre i (1965–93), formann i Høgre (1980–84), formann i Høgre si stortingsgruppe (1981–85) og stortingspresident (1985–93).

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Jo Benkow var fødd i Trondheim. Familien flytta i barndommen hans til Bærum, der han voks opp. I 1942 flykta han først til Sverige og deretter til Storbritannia for å sleppa unna nazistane sine jødeforfølgingar.

Etter at han vende attende til Noreg då krigen var slutt, arbeidde han som fotograf, eit yrke også far og bestefar hans hadde. Han heldt ei sterk interesse for fotografi, og vart jamleg invitert til å opna fotoutstillingar og som æresgjest på andre tilstellingar innan fotobransjen.

Han skreiv også nokre bøker, mellom anna Fra synagogen til Løvebakken (1985), Olav - menneske og monark (1991) og Hundre år med konge og folk (1998).

Etter sin siste periode på Stortinget var Benkow ein etterspurd foredragshaldar i mange samanhengar, særskilt i høve til tema som dreier seg om Midt-Austen og antisemittisme.

I 1999 kom han med i styret for Treffpunkt, ei nettavis for eldre, som vart etablert av NRK-veteranen Per Øyvind Heradstveit.

Det vekte oppsikt då han gjekk til åtak på tidlegare statsminister og partifelag Kåre Willoch for å vera «den mest partiske person i landet» i samband med Willoch sitt engasjement for palestinarane.

Benkow var president i Den internasjonale Helsingforsføderasjonen, og i Sakharovs Fridomsfond.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]