Joachim Patinir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den heilage Hieronymus i eit fjellandskap, ca 1515/24

Joachim Patinir var ein flamsk målar og teiknar som arbeidde i Antwerpen. Han var fødd kringom 1475/80 og døydde 5. oktober 1524. Patinir er kunsthistorisk viktig gjennom å gjere landskapsmåling til ein eigen sjanger.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Patinir var fødd i nærleiken av Dinant. Han gjekk i lære hos Gerard David i Brugge. I bileta sine fylgde han meisteren sin i behandlinga av landskapet. Til liks med sine samtidige, Hendrik Bles og Albrecht Altdorfer, vart landskapet eit hovudmotiv, medan forgrunnsfigurane mest er staffasje. Som landskapsmålar viser han, trass detaljrikdomen, eit blikk for det storslåtte og stemningsfylte. Måleria hans har ofte ein blåaktig tone.

Mellom dei mest kjende måleria til Patinir er; Jesu dåp, Den heilage Kristoffer, samt Flukta til Egypt, Antonius freisting og Himmel og helvete. I begge dei sistnemnde måleria syner han, med sin fantasifulle stil, likskapar med Hieronymus Bosch. Til skilnad frå Bosch la han mindre vekt på figurane og dess meir på landskapet med taggete fjell og knausar.

Han brukte ei arkaisk biletform med dobbelt perspektiv.

Patinir døydde i Antwerpen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Joachim Patinir

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon