Joakim Thåström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sven Joachim Eriksson Thåström (fødd 20. mars 1957) er ein svensk songar og gitarist. På 1980-talet hadde han og ein mindre skodespelarkarriere.

Mellom 1977 og 1983 var Thåström vokalist og låtskrivar i gruppa Ebba Grön som vart ein av den svenske punken sin største suksessar; kjend over heile Skandinavia. I 1981 starta Thåström gruppa Rymdimperiet som eit sideprosjekt, og då Ebba Grön vart oppløyst eit par år seinare kom Rymdimperiet meir i fokus. Etter tre singlar bytta gruppa namn til Imperiet. Gruppa vart oppløyst hausten 1988. Thåström har fortsett den musikalske karrieren som soloartist frå 1989, og medverka i den svensk-nederlandske rockegruppa Peace, Love and Pitpulls.