Joan Baez

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joan Baez
Jb081309seattle.JPG
Joan Baez i Seattle 13. august 2009
Verkeleg namn Joan Chandos Baez
Opphav Staten Island i New York
USA
Fødd 9. januar 1941 (73 år)
Instrument vokal, gitar, piano, ukulele
Sjanger folk, folkerock
Aktive år 1958—til i dag
Yrke Songar, låtskrivar
Tilknytte artistar Jackson Browne, Mary Chapin Carpenter, Judy Collins, Donovan, Bob Dylan, Mimi Fariña, the Grateful Dead, Janis Ian, the Indigo Girls, Odetta, Pete Seeger, Paul Simon, Dar Williams
Plateselskap Vanguard (1960–1971)
A&M (1972–1977)
Portrait/CBS (1977–1981)
Gold Castle (1987–1991)
Virgin (1991–1993)
Guardian (1995–2002)
Koch (2003–present)

Joan Chandos Báez (fødd 9. januar 1941 på Staten Island i New York i USA) er ein amerikansk folkevisesongar, gitarist, tekstforfattar og låtskrivar.

Joan Baez starta musikkarrieren sin mot slutten av 1950-talet og fekk gjennombrotet sitt tidleg på 1960-talet. Ved sida av Bob Dylan, som ho òg samarbeidde nært med i nokre år, vart ho ein av frontfigurane i amerikansk folkemusikk. Ho er spesielt kjent for tolkingane hennar av tradisjonell folkemusikk og for protestsongane hennar, og dessutan for den innsatsen ho la ned i kampen mot rasediskriminering og Vietnamkrigen.

Joan Baez saman med Bob Dylan, 1963

Baez (som då var gravid i sjette månad) deltok òg som artist ved Woodstockfestivalen, saman med stjerner som Richie Havens, Country Joe & the Fish, John Sebastian, The Incredible String Band, Tim Hardin, Ravi Shankar, Melanie, Arlo Guthrie, The Grease Band, Santana, Canned Heat, Mountain, Janis Joplin, Grateful Dead, Creedence Clearwater Revival, Sly & the Family Stone, The Who, Jefferson Airplane, Mountain, Joe Cocker, Ten Years After, The Band, Blood, Sweat & Tears, Johnny Winter (med broren Edgar Winter på to songar), Crosby, Stills, Nash & Young, Paul Butterfield Blues Band, Sha-Na-Na, Jimi Hendrix & «Gypsy Sun and Rainbows».

Baez har ei karakteristisk stemme, som glir lett ut og inn i falsett, med kraftig vibrato. Ho akkompagnerer seg gjerne på akustisk gitar. Blant dei mest kjende innspelingane hennar er Farewell Angelina, «Donna Donna» og «The Night They Drove Old Dixie Down».

Joan Baez grunnla i 1965 The Institute for the Study of Non-Violence i California, og i 1979 hjelpeorganisasjonen Humanitas International. Internasjonalt har ho hausta stor heider for innsatsen hennar for menneskerettane.

Ho er aktiv pasifist og har òg utgjeve to sjølvbiografiar: Daybreak (1968) og And a Voice to Sing With (1987).

Baez hadde ei yngre syster, Mimi Fariña, ho var òg folkevisesongar.

Diskografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1960 Joan Baez
  • 1960 Joan Baez, Volume 2
  • 1962 Joan Baez in Concert
  • 1965 Farwell Angelina
  • 1966 Noel
  • 1967 Joan
 1968   Any day now
  • 1969 David' Album
  • 1970 One Day At A Time
 1972   Come from the shadows
  • 1975 Diamonds & Rust
  • 1977 Blowin Away
  • 1979 Honest Lullaby
  • 1987 Recently
  • 1992 Play Me Backwards
  • 1995 Ring Them Bells
  • 1997 Gone From Danger
  • 2003 Dark Chords On A Big Guitar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Joan Baez

Kjelde[endre | endre wikiteksten]