Joe Meek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joe Meek
Verkeleg namn Robert George Meek
Alias Robert Duke, Peter Jacobs
Fødd 5. april 1929
Newent i Gloucestershire i England
Død 3. februar 1967
London i England
Sjanger Pop
Rock
Aktive år 1954 - 1967
Yrke Plateprodusent, Låtskrivar
Plateselskap Triumph (medeigar), Pye Nixa, Piccadilly, Decca, Ember, Oriole, Columbia, Top Rank, HMV, Parlophone
USA: Tower, London, Coral

Robert George Meek eller Joe Meek (5. april 19293. februar 1967) var ein plateprodusent og låtskrivar frå England og rekna som ein av dei første og mest oppfinnsame sjølvstendige produsentane i verda.

Den mest kjende songen han arbeidde på var hitten til The Tornados, «Telstar» i 1962, som var den første singelen av eit britisk band som gjekk til topps på den amerikanske singellista. Han låg òg fem veker på toppen av den britiske lista og Meek fekk ein Ivor Novello Award for produksjonen same året.

Andre store hittar som han arbeidde på var «Don't You Rock Me Daddy-O» og «Cumberland Gap» av Lonnie Donegan (som lydteknikar), «Johnny Remember Me» av John Leyton, «Just Like Eddie» av Heinz, «Angela Jones» av Michael Cox og «Have I the Right?» av The Honeycombs. Meek sitt konseptalbum I Hear a New World vert rekna som ein milepåle i moderne musikk for den nyskapande bruken av elektroniske lydar.

Joe Meek produserte òg musikk for filmar, mellom anna Live It Up! i 1963.

Perioden med kommersiell suksess som produsent var kortvarig og Meek fekk etter kvart stor gjeld og vart deprimert. 3. februar 1967 tok han livet av husvertinna si med ei hagle, før han skaut seg sjølv.

Meek var ein pioner innan musikkproduksjon. På ei tid då mange lydteknikarar gjekk kledd i kvite laboratoriefrakkar, spelte han inn musikk i sitt eige studio og var aldri redd for å manipulere lyden for å skape effektane han var ute etter. Då han spelte inn «Johnny Remember Me», var til dømes fiolinane plassert i trappene, trommerslagaren nesten på badet, og blåserekka stod i ein annan etasje. Han var av dei første som fysiske separerte instrumenta, og handsama instrument og stemmer med ekko og klang, og køyrte lydsignala gjennom sine eigne heimelagde elektroniske utstyr.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]