Joe Satriani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joe Satriani

Satriani i New York i 2010
Fødd15. juli 1956 (67 år)
FødestadWestbury i New York i USA
FødenamnJoseph Satriani
AliasSatch
OpphavUSA
Aktiv1970 til i dag
SjangerRock, instrumental rock, hardrock, blues, heavy metal
InstrumentGitar, bass, tangentinstrument, vokal, munnspel, banjo, harpe
Kjende instrumentIbanez Joe Satriani Signature model
Tilknytte artistarAlice Cooper, Mick Jagger, Deep Purple, Steve Vai, G3, Sammy Hagar, Chickenfoot, Jason Becker, Greg Kihn Band
PlateselskapSony, Epic, Relativity
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, gitarinstruktør

Joseph «Joe» Satriani (fødd 15. juli 1956) er ein amerikansk instrumental rock-gitarist av italiensk opphav som fleire gonger har vore Grammy Award-nominert. Satriani blir rekna av mange som ein av dei beste i verda i faget sitt.[1] Han har laga mykje forskjelligarta, eksperimentell musikk. Då han i 1986 gav ut debutalbumet sitt Not of this Earth opna han vegen for instrumental rock, som var ganske nytt og grensesprengande. Satriani er tydeleg inspirert av Jimi Hendrix, Jimmy Page og Jeff Beck.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Satriani voks opp i ein musikalsk familie, som interesserte seg for både klassisk musikk, jazz og pop. Satriani vart inspirert til å byrje å spele gitar då han på ei trening i amerikansk fotball fekk høyre om dødsfallet til Jimi Hendrix. Han gjekk rett til trenaren sin å gav han melding om at han slutta fordi han skulle bli gitarist. Han var då 14 år.

I 1974 studerte Satriani musikk hos jazz-gitaristen Billy Bauer, og jazz-pianisten Lennie Tristano. Tristianis høge tekniske krav påverka gitarspelinga til Satriani. På denne tida starta Joe sjølv òg å undervise. Gjennom tida har han blant anna undervist kjende gitaristar som: Steve Vai, Kirk Hammett (Metallica), David Bryson (Counting Crows), Kevin Cadogan (Third Eye Blind), Larry LaLonde (Primus), Alex Skolnick (Testament), Phil Kettner (Laaz Rockit), Danny Gill og Charlie Hunter.

Satriani spelte i ei gruppe som vart kalla The Squares i 1983 då han i staden byrja å arbeide med innspelingar på eiga hand. Han overtalte dei andre i bandet til å støtte opp om hans eigen karriere og utgav den første EPen sin. Han inneheldt seks spor som representerte ei banebrytande ny form for gitarrock. I 1986 kom det første albumet hans ut, utgjeven på Relativity Records og produsert av han sjølv og John Cuniberti. Han fekk namnet Not of this Earth og viste fram meir av repertoaret hans, men fekk ein noko lunken mottaking av kritikarar.

Innan hans andre album vart gjeve ut året etter, hadde den tidlegare studenten hans Steve Vai rukka å bli berømt. Vai skrøyt mellom anna uhemma av den tidlegare læraren sine i fleire intervju. Det andre albumet til Satriani som kom ut året etter det første, Surfing With the Alien og vart langt betre omtalt og han vart på kort tid ein særs anerkjend artist. Albumet inneheldt melodiar som «Satch Boogie» (Satriani vart kalla «Satch» blant vener), og «Surfing with the Alien», som begge kom inn på dei amerikanske hitlistene som høvesvis nummer 22 og 37. Dette skulle vise seg å bli eit godt år for Satriani, han fekk seinare same året æra av å turnere saman med Rolling Stones vokalist Mick Jagger på hans Australia-turné.

I løpet av dei neste åra rekte han gje ut to album; Dreaming #11 (1988) og Flying in a Blue Dream (1989). Sistnemnde er enno sett på som eit av dei beste albuma hans nokosinne. Likevel er det kanskje The Extremist som av dei fleste vert rekna som det aller beste. Dette vart gjeve ut i 1992 til strålande kritikar frå media. Av dette albumet kom den store hitten «Summer Song», i tillegg til dei noko meir regionale hitene; «Friends» og «Cryin».

Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Deep Purple.

Året etter fekk Satriani stadfesta suksessen sin då han vart leigd inn av Deep Purple som vikar for den nyleg slutta gitaristen Ritchie Blackmore, på den japanske turneen til bandet. Turneen vart ein så stor suksess for Satriani at han vart bede om å bli med i bandet på permanent basis. Dette vart derimot forhindra av ein langtidskontrakt «Satch» hadde med Sony på denne tida.

G3[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå G3.

I 1996 starta Satriani eit turné-band saman med Steve Vai, og gitaristen Eric Johnson. Bandet fekk namnet G3 (3 gitaristar). G3-turnéene har halde fram seinare, med Satriani og Vai som basis, medan rolla til den tredje gitaristen vart fylla av diverse gitaristar. Forutan Johnson har nokre av desse gitaristane vore: Yngwie Malmsteen, John Petrucci, Kenny Wayne Shepherd, Robert Fripp og Patrick Rondat.

Utstyr[endre | endre wikiteksten]

Joe har laga signaturgitarar i samarbeid med Ibanez, som han kalla JS-serien. Desse gitarane får ein kjøpt i Noreg i tre ulike modellar. Prisen strekkjer seg frå ca 10 000 kr for den billegaste til rundt 20 000 kr for den dyraste. Satriani har òg signaturforsterkarar i samarbeid med Peavey. Desse er kalla JSX-serien. Joe har òg inngått eit samarbeid med Vox for produksjon av Satchurator, som er ein effektpedal.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Satriani har per 2009 over 20 utgjevingar, tre av desse frå G3-turneane. G3-turneane har vorte utgjeve både som DVD og CD, i likskap med Satriani Live! og Live in San Francisco. Han gav òg ut ein dokumentar i 1993 om livet sitt som artist. Denne vart seinare gjeve ut på DVD i 2003. Dokumentaren hadde namnet The Satch Tapes. Med albumet Engines of Creation som vart utgjeve i 2003, vart det laga eit «avgrensa opplag» album som fekk namnet Additional Creations. Dette bestod av fire ulike låtar, som hovudsakleg var remixer av låtar frå EoC. Dette ekstraalbumet finst i svært få opplag sidan det berre vart inkludert i einskilde av dei første EoC albuma.

I tillegg til eigne utgjevingar har Satriani òg medverka på fleire album som til dømes The Yardbirds Birdland og fleire Alice Cooper album.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum
G3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Joe Satriani