Joesjö

Koordinatar: 65°43′15.956″N 14°39′13.327″E / 65.72109889°N 14.65370194°E / 65.72109889; 14.65370194
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°43′15.956″N 14°39′13.327″E / 65.72109889°N 14.65370194°E / 65.72109889; 14.65370194

Joesjö
busetnad
Land  Sverige
Kart
Joesjö
65°43′00″N 14°40′00″E / 65.71666667°N 14.66666667°E / 65.71666667; 14.66666667
Wikimedia Commons: Joesjö

Joesjö (eller Jovattnet) er både namnet på ein innsjø og ei bygd i Storuman kommun i Västerbottens län i Sverige. Innsjøen ligg ca. 30 kilometer vest for Tärnaby og Hemavan. Riksveg 73 frå Grane passarar forbi innsjøen, 25 kilometer frå E12 på svensk side.

Joesjö blir rekna som samisk område, og vart busett i 1837 av Henrik og Lars Larsson frå Kittelfjäll. Saman med familiane deira flytta dei derifrå kort tid etterpå, og Joesjö vart deretter ikkje busett før i 1844, då König Olofsson Tiger flytta dit frå Degerfors.

Bygda har utvikla seg frå å utelukkande vere basert på jordbruk og fiske, til å livnære seg på turisme. Innsjøen og dei omkringliggande elvane er rik på røye og aure, og er populære blant sportsfiskarar.

I bygda finst blant anna Tärna Vilt AB, med kjøttforedling, utleige av skuterar, nærbutikk og ein restaurant. Fram til 1950-talet var Joesjö eit knutepunkt for handelen mellom Sverige og den midterste delen av Helgeland.

Frå Joesjö er det ca. 5 km til næraste norske garden.

Den svenske alpinisten Ingemar Stenmark vart fødd i Joesjö.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]