Joey Covington
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Joey Covington | |
| Verkeleg namn | Joseph Edward Covington |
| Fødd | 27. juni 1945 |
| Instrument | Trommer, vokal |
| Sjanger | Rock |
| Aktive år | 1955 til i dag |
| Yrke | Perkusjonist, låtskrivar, plateprodusent |
| Tilknytte artistar | Hot Tuna, Jefferson Airplane, Jefferson Starship |
Joseph «Joey» Edward Covington (fødd 27. juni 1945) er ein amerikansk trommeslagar, mest kjend for tida i Hot Tuna og Jefferson Airplane.
Covington starta å spele trommer då han var ti år og var med å starta bluesrockbandet Hot Tuna i 1969, i lag med Jefferson Airplane-medlemmane Jack Casady og Jorma Kaukonen. Han finst ikkje på nokre av innspelingane til Hot Tuna, men vart seinare med i Jefferson Airplane der han spelte på tre album då han erstatta Spencer Dryden.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Joey Covington» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2011.