Johan Jørgen Krohn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg offiseren Johan Jørgen Krohn
Johan Jørgen Krohn
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1804
Død

8. oktober 1859 (55 år)

Yrke redaktør
Dale i Norddal med kyrkja.

Johan Jørgen Krohn (12. mai 18048. oktober 1859)[1][2] var ein norsk boktrykkar, redaktør og avisgründer.[1] Krohn deltok i det tidlege strevet for å skape ei fri presse i Noreg i tida etter 1814. Han dreiv mellom anna tidskrifta Statsborgeren og Granskeren i Christiania, før han stifta Ringeriges Ugeblad (no Ringerikes blad) på Hønefoss.

Sjørvoll (Skjørvold) på Ringerike der Johan Jørgen Krohn vaks opp hos onkelen.

Johan Jørgen Krohn var fødd på garden Dale i Norddal på Sunnmøre. Foreldra var klokkar Iver Høeg Krohn og Mette Marie (fødd Schjelderup).[2] Namnet hadde han etter oldefaren som innvandra frå Altona (ved Hamburg) til Bergen omkring 1726.[3][4] Gift med Lovise Fredrikke Lilloe (1810-1891). Han voks til dels opp på Ringerike hos onkelen[5] med same namn. Onkelen var offiser, vegmeister og forvaltar for Peder Ankers store skogeigedommar og tømmerverksemd.[6] Berre 15 år gamal byrja den unge Johan Jørgen i lære hos boktrykkar Jacob Lehmann i Christiania. Lehmann hadde på denne tida einerett på trykking av den ferske Grunnlova.

Forsida av Statsborgeren 3. juli 1831.

Allereie i 1827 etablerte Johan Jørgen eige boktrykkeri i Akersgata 30[1] der eit av hans første oppdrag var ’Ah!’ Farce av Henrik Wergeland. Hausten same året gav Krohn ut første nummer av Christianias Aftenblad med Henrik Anker Bjerregaard og H.L. Bernhoft som redaktørar, avisa vart nedlagt etter eitt år. I desember same år kom vekebladet Den norsk Huusven redigert av Mauritz Hansen, også dette bladet vart lagt ned etter kort tid. I 1831 byrja Krohn å trykke det opposisjonelle tidsskriftet Statsborgeren. Et Tidende for Norges Vel, grunnlagt og redigert av Peder Soelvold.[7] Henrik Wergeland skildrar møtet med boktrykkar Krohn slik

«Jeg sad just og morede mig med at blæse Tobaksrøg ind i et Dødningehoved saaledes at den siden langsomt trak ut av Aabningerne, da det bankede ængstligt på Døren. Ind treen en Bogtrykker, bleg med sorte Næsevinger og Fortvivlelse i de slappe Træk. Det var Forelæggeren av Bondeoppositionsbladet Statsborgeren, en Slags Alligator, som i sex Dage laae skjult i sit Slam, men gabede baade hørligt og synligt den syvende, slugende da et halv Dusin Embedsmænds god Navn og Rygte i sig. Fanden var i den Tid meget mindre frygtet i Norge end Statsborgeren.»[8].

Wergeland tok seinare over som redaktør til tidsskriftet og skreiv så seint som i mars 1837 (bladet gjekk inn same året) ut følgjande garanti til Krohn «Jeg indestaaer Hr. Krohn for at han ikke skal mangle Manuskript til Statsborgeren».[9]

I 1839 gjekk Krohn i kompaniskap med boktrykkar Christian Schibsted og flytta trykkeriet til Dronningensgate 10. Saman med Schibsted gav Krohn ut nok eit kontroversielt tidsskrift: Granskeren vart redigert av Wergelands ven, politikaren og professoren Ludvig Kristensen Daa. Kompaniskapet med Schibsted vart oppløyst i 1843[10] og Krohn sat att med vel 500 spesidaler etter at gjelda til Schibsted var oppgjort.[1] Johan Jørgen Krohn flytta til Ringerike der han opna bokhandel og trykkeri på Hønefoss. Allereie 17. januar 1845 kom første nummer av Ringeriges Ugeblad ut, no Ringerikes Blad. Sonen Johan Fredrik Krohn tok over avisa då Johan Jørgen Krohn døydde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Røste, Oddvar (1995): En varde i distriktet: Ringerikes blad 150 år. Hønefoss: Ringerikes blad.
  2. 2,0 2,1 Tafjord, Leonhard og Terje Linge (1997): Ættebok for Norddal. 2. utgåve. Valldal: Norddal kommune.
  3. Digitalarkivet: Borgerskap i Bergen 1600-1751 (mestersnedker Johan Jørgen Cron fekk borgarbrev i Bergen 18.juni 1726)
  4. http://snl.no/Krohn/norske_slekter_%E2%80%93_2
  5. Holst, R. Sommerfelt (1931): Slekten Krohn fra Kronborg og Ringerike. Oslo: Morten Johansens Boktrykkeri.
  6. Bård Frydenlund, Stormannen Peder Anker, Aschehoug (2009)
  7. Fiskaa, Haakon (1985): Den norske presse før 1850. Ny utgave ved Helge Giverholt. Fredrikstad: Institutt for journalistikk.
  8. Wergeland, Henrik: Hassel-nødder med og uden kjerne, dog til tidsfordriv, plukkede af min henvisnede livs-busk. Christiania : Chr. Tønsbergs forl., 1845
  9. http://www.dokpro.uio.no/wergeland/innhold.html
  10. Jor, Finn (1989): Blikket på samtiden. 1839-1989 Chr. Schibsteds Forlag 150 år. Oslo: Schibsted.