Johan Østvang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Østvang
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. desember 1928 (95 år)
Idrett langrenn

Johan Østvang (fødd 13. desember 1928) er ein tidlegare norsk langrennar som vart noregsmeister på 15 km i 1954. Han bur i Mesnali i Ringsaker og konkurrerte for Mesnali Skilag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Østvang vart nummer åtte på 30 km i NM på ski 1953. Året etter overraska han og vart norsk meister på 15-kilometeren på Kongsvinger. Han kom i mål på tida 56.53 og slo dermed Martin Stokken med eitt sekund. Seinare i 1954-sesongen deltok Østvang på 50 km under verdsmeisterskapen på ski i Falun og gjekk i mål til ein 14. plass. Hans beste plassering i Holmenkollen kom i 1959, han vart då nummer ni på femmila.

Østvang deltok i 2008 i Birkebeinerrennet for 55. gong og fekk sitt 55. merke. Han kom då på førsteplass i klassa for menn 80-84 år på tida 4.07.13.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsrevy, aktuelle årgangar