Johan Ameln

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Gerhard Theodor Ameln (12. mars 183819. juni 1917) var ein norsk kjøpmann og Venstre-politikar frå Bergen. Henrik Ameln var brorson hans.

Far hans var kjøpmann i Bergen. Sjølv var han elev av Bergens handelsinstitutt 1861-63 og var deretter kjøpmann og skipsreiar i fødebyen. Han var medlem av formannskapet i Bergen 1881-88, ordførar 1886-87 . Ameln var med å stifte både Bergens Kreditbank, Bergens dampskipsassuranseforening og Selskabet for de norske Fiskeriers fremme.

Ameln var 2. representant på Stortinget for Bergen i perioden 1889-91. Han var sekretær i næringskomite nr. 1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]