Johan Castberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Castberg

Fødd21. september 1862
Brevik
Død24. desember 1926 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Arbeiderdemokratene
Yrkejurist, politikar, advokat, dommar, dagbokskrivar
FarJohan Christian Tandberg Castberg
BarnFrede Castberg
Alle verv

Johan Castberg (21. september 186224. desember 1926) var ein norsk jurist og politikar, kjend for å ha stått bak fleire grunnleggjande norske lover.

Han vart fødd i Brevik i noverande Porsgrunn kommune i Telemark fylke.

Castberg var stortingsrepresentant for partiet Arbeiderdemokratene frå 1900 til 1909, frå 1913 til 1921 og frå 1924 til 1926. Arbeidardemokratane vart rekna for å vera på venstresida av Venstre med størst oppslutnad mellom småbrukarar og landarbeidarar.

Castberg var statsråd i to regjeringar leidde av Gunnar Knudsen. Han var statsråd for Justisdepartementet frå mars 1908 til februar 1910, for handels-, sjøfart- og industridepartementet frå januar til juni 1913 og for sosial-, handels, industri- og fiskeridepartementet frå juni 1913 til april 1914. I 1913 fekk Castberg gjennomslag for å oppretta eit sosialdepartement.

Johan Castberg døydde i Oslo.

"Castbergske" lover[endre | endre wikiteksten]

Konsesjonslover[endre | endre wikiteksten]

Castberg er særleg knytt til konsesjonslovene for vasskraftutbygging av 1909. Desse er ofte kalla "De Castbergske konsesjonslover". Konsesjonslovene sette vilkår for utnytting av norske naturressursar. Vilkåra kom til å gjelda både norsk og utanlandsk privatkapital. Det vart innført reglar om heimfallsrett. Heimfallsrett tyder at kraftanlegg som ikkje vert eigde av norske kommunar eller den norske staten vert staten sin eigedom utan vederlag etter ei viss tid. Castberg fekk òg med i konsesjonsvilkåra krav om bygging av samfunnshus, samvirkelag (kooperativ) og arbeidarbustader. Det vart òg sett krav om bruk av norske underleverandørar.

Barnelover[endre | endre wikiteksten]

Castberg gjorde framlegg om nye lover om barneomsorg, mellom anna om barn fødd utanfor ekteskap. I 1915 fekk ein "Lov om barn, hvis forældre ikke har indgaat egteskap med hverandre" (10 april Nr. 3), "Lov om forsorg for barn" (10 april Nr 2) og "Lov om forældre og egtebarn" (10 april Nr. 6). Lovene vert gjerne kalla "de Castbergske barnelover". Særleg viktig var det at barnet sin arverett etter faren og hans slekt vart slegen fast. Det vart innført reglar for innkrevjing av barnebidrag.

Andre lover[endre | endre wikiteksten]

Castberg er direkte eller indirekte knytt til lovene om sjukeforsikring av 1909 og 1915, fabrikktilsynslova av 1909, ulukkesforsikring for fiskarar (1908), sjøfolk (1911) og industriarbeidarar (1915). I tillegg lov om arbeidarvern i industrien (1915).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]