Johan Ernst Gunnerus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Ernst Gunnerus

Fødd26. februar 1718
Christiania
Død25. september 1773
Kristiansund kommune
NasjonalitetNoreg
Områdebotanikk, mykologi, ornitologi, teologi
Yrkebotanikar, ornitolog, karsporeplanteekspert, bryolog, prest, zoolog, teolog, lichenolog, universitetslærar, mykolog, filolog, filosof
InstitusjonarKøbenhavns Universitet
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Plansje frå Flora Norvegica som viser selsnepe

Johan Ernst Gunnerus (16. februar 171825. september 1773) var ein norsk biskop og naturforskar, særleg kjend som ein av stiftarane av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i 1760.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gunnerus vart fødd i Christiania, der faren var stadsfysikus (bylege). Han tok ein framifrå eksamen artium i 1737. Etter eit kort opphald i København studerte han filosofi og teologi på eiga hand, inntil han reiste til København att i 1740. Han budde to år i den dansk-norsk hovudstaden, før han fekk kongeleg stipend og reiste til Halle. Der studerte han i to år, medan han arbeidde som hovmeister hos ein adelsmann. År 1745 kom han til universitetet i Jena, og vart magister i filosofi på tampen av året. Frå 1748 heldt han forelesingar ved universitetet i byen. I tillegg arbeidde han på sitt verk om natur- og folkeretten, som kom ut i perioden 1748–52.

I Danmark i 1754 vart Gunnerus utnemnd til professor og lærar i hebraisk. Han kom til København ved påske 1755 og vart ordinert 12. juni. Her forelas han over teologi, logikk, metafysikk, natur- og folkerett. 31. juli 1758 vart han utnemnd til biskop i Trondheim. Her oppretta han i 1760 Det Trondhiemske Selskab, frå 1767 kjent som Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, saman med Peter Frederik Suhm og Gerhard Schøning.

Som naturforskar gav Gunnerus ut ei rekke avhandlingar i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskabs Skrifter, både innan zoologi, botanikk og mineralogi. Viktigast er tobandsverket Flora Norvegica, 1766 og 1772.

Gunnerus var ein av dei første som kom med framlegg om eit eige universitet i Noreg. Han føreslo at det skulle leggast til Kristiansand. For å fremje denne saka, reiste han i 1771 til København, og vende tilbake til Trondheim sommaren 1772. Under ein bispevisitas i Kristiansund døydde Gunnerus hausten 1773.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]