Johan F. W. Schlegel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan F. W. Schlegel

Statsborgarskap Danmark
Fødd 4. oktober 1765
København
Død

19. juli 1836 (70 år)
Søllerød slott, København, Søllerød

Yrke dommar, universitetslærar
Språk dansk
Medlem av Det kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie, Accademia delle Scienze di Torino, Towarzystwo Naukowe Krakowskie
Far Johann Heinrich Schlegel
Johan F. W. Schlegel på Commons

Johan Fredrik Wilhelm Schlegel (fødd 4. oktober 1765 i København, død 19. juli 1836 på Søllerød slott, Sjælland) var ein dansk jurist. Han vart professor i juss allereie i 1789. Schlegel var rektor for universitetet i København i tre periodar (1803-4, 1812-13 og 1828-29).

Han var son av professor Johan Heinrich Schlegel. Han kom frå ein svært lærd og språkmektig familie der han fekk grundig undervisning. Mora skal snakka fransk med guten og medan faren tala tysk. Den tyske filosofen og forfattaren Friedrich Schlegel var eit av hans søskenbarn.

Over halvparten av Riksforsamlinga på Eidsvoll var juristar og det var femten teologar (prestar). 44 av dei 112 Eidsvollsmennene hadde utdanning frå Universitetet i København. Ola Mestad meiner at Christian Magnus Falsen og andre sentrale Eidsvollsmenn utdanna i København var påverka av den liberale Schlegel, slik at Schlegels idear om næringsfridom, ytringsfridom og religionsfridom prega grunnlova frå Eidsvoll. Schlegels arbeidde særleg innanfor naturrett.[1] Schlegels bidrag til 1814-grunnloven er lite kjent.[2]

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Naturrettens eller den almindelige Retslæres Grundsætninger, 1. utgåve i 1798 og 2. utgåve 1805.
  • Om de gamle danskes retssædvaner og autonomie (1827)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Klassekampen 4. juni 2013 s.27.
  2. Jus UiO:Schlegel, kantianisme og Grunnloven lese 5.juni 2013.