Johan Gustaf Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Gustaf Sandberg

Sjølvportrett
Statsborgarskap Sverige
Fødd 14. mai 1782
Stockholm
Død

26. juni 1854 (72 år)
Klara församling, Stockholm

Yrke kunstmålar, teiknar
Sjanger historiemåleri, figurmåleri
Born Eva Sofia Johanna Palm
Johan Gustaf Sandberg på Commons

Johan Gustaf Sandberg (17821854) var ein svensk målar; professor i teikning ved Kungliga Akademien för de fria konsterna frå 1828, direktør for institusjonen åra 1845–53. Sandberg laga for det meste historiemåleri med motiv or nordisk mytologi og svensk historie.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Gustav Vasa talar til dalkarlarna i Mora, 1836

Sandberg var frå 1794 elev ved Kungliga Akademien för de fria konsterna i Stockholm. Seinare i studietida lærde han også musikk og klaverspeling og tente pengar på leksjonar, samt gjennom arbeid på dekorasjons-målarverkstaden ved det kongelege teatret. Han slutta seg med tida til den opposisjonen mot kunstakademiet som hadde sin kjerne i 'Sällskapet för konststudium'. Tvisten med akademiet la seg snart, Sandberg vart medlem i 1821 og professor i 1828.

Hans fremste verk er kalkmåleria med Gustav Vasa i domkyrkja i Uppsala. Måleriet Gustav Vasa talar til dalkarlarna i Mora frå 1836 viser eit motiv som han gjentok i domkyrkja. Sandberg laga teikningane til praktverket Ett år i Sverige som kom ut i perioden 1827-35, bileta vart graverte under leiing av Christian Didrik Forssell. Mange somrar vitja Sandberg Säfstaholms slott, der han laga målmmeri som skildra folkelivet og folkedrakter.

Sandberg var elles ein framifrå portrettmålar og måla ei mengd portrett. Mellom anna måla han mange av portretta til praktverket Galleri af utmärkta svenska lärde, vetenskapsidkare och konstnärer som han gav ut 1835–42.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johan Gustaf Sandberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Den svenska målarkonstens historia. 2001