Johan Helmich Roman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Helmich Roman
Fødd26. oktober 1694
FødestadStockholm
Død20. november 1758 (64 år)
DødsstadRyssby socken i Kalmar län
FødenamnJohan Helmich Roman
OpphavSverige
PeriodeBarokken
SjangerOrkestermusikk, klavermusikk, kammermusikk, concerto
Instrumentobo
Verka somKomponist
FarJohan Roman

Johan Helmich Roman (26. oktober 169420. november 1758) var ein svensk barokk-komponist. Han har vorte kalla «far til svenske musikken» eller «den svenske Händel».

Liv[endre | endre wikiteksten]

Roman vart fødd i Stockholm i familien til Johan Roman, medlem av det svenske kongekapellet. Familienamnet «Roman» kan kome frå det finske stadnamnet Rauma, sidan forfedrane til Johan kom frå Finland. Som gut fekk han truleg den første musikalske utdanninga si hos faren. Han vart medlem av det kongelege kapellet i 1711 som fiolinist og oboist. Rundt 1715 gav kongen Roman løyve til å studere utanlands og den unge komponisten var seks år i London. Han studere nesten heilt sikkert under Johann Christoph Pepusch, møtte Francesco Geminiani, Giovanni Battista Bononcini, og viktigast, Georg Friedrich Händel, som med musikken sin gjorde eit varig inntrykk på Roman.

Roman reiste attende til Sverige i 1721. Han vart like etter utpeikt til visekapellmeister ved det kongelege kapellet og seks år seinare vart han kapellmeister av Kungliga Hovkapellet. I 1720-åra fekk Roman utbetra standarden ved kapellet og i 1731 heldt han dei første offentlege konsertane i Sverige. Det einaste verket hans som vart publisert medan han levde var ei samling av 12 sonatar for fløyte, violone og cembalo, som kom ut i 1727. I 1730 gifta Roman seg, men kona døydde berre fire år seinare. I 1734 reiste komponisten frå Sverige og vitja fleire europeiske land—Austerrike, England, Frankrike, Tyskland og Italia. Han kom attende til Stockholm i 1737, og førte med seg ein musikalsk rikdom frå mange komponistar som han framførte ved det kongelege kapellet. I 1738 gifta Roman seg att. I 1740 vart han vald til medlem av det nyoppretta Kungliga Vetenskapsakademien.

Den suksessrike karrieren til Roman gjekk nedover i 1740-åra. Den viktige vernaren hans, dronning Ulrika Eleonora av Sverige, døydde seint i 1741. I 1742 vart Roman hindra av sine eigne helseproblem. I 1744 komponerte Roman eit av dei flottaste verka sine, Drottningholmsmusique: ei stor samling orkestersuitar for bryllaupet til kronprins Adolf Fredrik av Sverige og Louisa Ulrika av Preussen. Ironisk nok var det på grunn av Adolf Frederick og Louisa Ulrika at karrieren til Roman gjekk nedover. Den nye kronprinsessa hadde forskjellig musikksmak og mannen hennar oppretta eit særs sterkt konkurrerande kapell. Til slutt døydde den andre kona til Roman i 1744 og etterlet komponisten med fem born.

I 1745 trekte Roman seg attende frå posten som leiar for det kongelege kapellet på grunn av dårleg høyrsel, som hadde vorte raskt dårlegare dei siste åra. Han slo seg ned på eigedommen Lilla Haraldsmåla i Ryssby socken, nær byen Kalmar søraust i Sverige. Bortsett frå eit enkelt besøk til Stockholm i 1751–52 for å dirigere gravferdsmusikken til kongen og den påfølgjande og kroningsmusikken til Adolph Frederik, nytta Roman dei siste leveåra sine på å omsetje europeisk musikkteori til svensk og tilpasse religiøse tekstar til svensk. Han døydde på Lilla Haraldsmåla i 1758. Verka hans har aldri gått i gløymeboka, for alt ni år etter han døydde heldt Kungliga Vetenskapsakademien ein minneseremoni der verka til Roman vart dokumentert. Kopiar av verka til Roman er funne i manuskript så seint som i 1810.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Ein av dei mest kjende komposisjonane til Roman er «Drottningholmsmusique» eller «Musikk for eit kongeleg bryllaup». Det består av ei samling 24 korte musikkstykke med lengder frå om lag eitt til seks minutt. Roman skreiv denne musikken for bryllaupet i august 1744 for kronprins Adolf Fredrik av Sverige og hans Louisa Ulrika av Preussen. Bryllaupet deira fann stad på Drottningholm slott. Festen varte fire dagar. Stykka frå «Drottningsholmsmusikken» vart tilsynelatande vald ut og tilpassa hendinga. Roman hadde òg åtte musikkstykke i reserve. Desse stykka er kjende som Suite i D-dur, stundom kalla «Vesle Drottningsholmsmusikken». Begge er moderne namn, namngjevne av den svenske dirigenten og musikaren Claude Génetay.

Andre musikkstykke skrivne av Roman er mellom anna suiten «Sjukmans Musiquen» og den italienskinspirete kantaten Piante amiche.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]