Johan Herman Wessel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Herman Wessel

Johan Herman Wessel (6. oktober 174229. desember 1785) var ein norsk forfattar. Wessel skreiv dikt med mykje kritikk mot samfunnet, og mange ser på han som 1700-talets store norske diktar.

Han vart fødd i Jonsned, i nærleiken av Vestby i Akershus fylke, som son til ein prest. Etter nokre år på katedralskulen i Christiania flytta han i 1761, 19 år gamal, til København for å studere. Der vart han med i Det norske litterære selskab, ei samling norske studentar i København. Wessel tok aldri avsluttande eksamen ved universitetet i København. I staden vart han omsetjar og forfattar.

Utdanning, studiereiser, verv, stillingar[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til Smeden og Bageren

Johan Herman Wessel studerte først ved Latinskulen i Christiania, og reiste så i 1761 til København for å studere ved universitetet der. Same år tok han examen artium og året etter examen philosophicum. Fleire eksamenar vart det ikkje, men i København dyrka han interessa for moderne språk, litteratur og filosofi, og spesielt var han interessert i teater.

I 1772 var han med å stifte den litterære klubben Det Norske Selskab. Då hadde han allereie forfatta sitt livs einaste større litterære arbeid, den klassiske parodikomedien Kærlighed uden Strømper. Det var opphavleg skrive som ein spøk, meint for opplesning i vennekretsen. Vennane hans derimot oppfordra han til å få det trykt og sendt til teateret, det det vart oppført same år med stor suksess. Det er blitt ståande som ein klassikar i dansk litteratur (han blir rekna som dansk i Danmark ettersom han budde heile sitt vaksne liv der)). Det som særleg gjer dette stykket så komisk, er misforholdet mellom forma og innhaldet: forma er høgttravande mens innhaldet er heit banalt.

Det Norske Selskab utgav i alt tre diktsamlingar, og Wessel bidrog med fleire dikt som hadde eit meir alvorleg innhald, og som var meir i samsvar med tida (Ode til søvnen og Nøisomhet i 1775, lystspelet Lykken bedre end Forstanden skrive året etter, og det satiriske dramaet Anno 7603 frå Wessel dødsår). Han omsette fleire franske syngespel for teater og gav dessutan ut vekebladet Votre Serviteur otiosis.

Utover dette forfatta han i tillegg mange komiske forteljingar som er blitt klassikarar i dansk/norsk litteratur. På Wessels tid vart dei hyppig brukte til opplesingar, og bidrog til mykje allmenn lystigheit. Blant desse dikta kan ein nemne Smeden og Bageren, Herremanden, Hundemordet, Gaffelen, Mosters Pølser, Posthuset m.fl.

Ein av grunnane til at Wessel er blitt ståande for ettertida er, forutan dei få litterære perlene han har skrive, alle forteljingane om hans forfattarpersonlegdom. Han var vittig, slagferdig og hadde eit skarpt hovud. Alle kjente til han. Han deklamerte gjerne sjølvskrivne tekstar og var alltid klar for spøk og moro. Han var ein blanding av geni og bohem, og han levde eit temmeleg utsvevande liv.

I 1780 gifta han seg med Anna Catharina Bukier og eit år seinare fekk dei sonen Jonas. Men han var ingen særleg god ektemann eller far. Han brukte mesteparten av tida si til å gå på kafé saman med dei andre i Det Norske Selskab. Fem år seinare, i 1785, døydde han berre 43 år gammal.

Wessel har blant anna blitt portrettert av Johan Federik Clemens.

Bøker om Johan Herman Wessel[endre | endre wikiteksten]

I 1942 kom Sigurd Thomsen med boka Kun en Digter: en Bog om Johan Herman Wessel. Harald Langberg gav ut i 1973 Den store satire: Johan Herman Wessel og Kærlighet og Stømper.

Wessels tilknytting til Akershus blir omtalt i Vestby sett med kunstnerøyne, av Bjørn Linnestad utgitt i 1987/94. Boka Johan Herman Wessel og Norge vart utgiven i høve 200-årsdagen for hans fødsel.

Syklonens sentrum handlar blant anna om Wessel og er skrive av André Bjerke (utgitt i 1970). Johan Herman Wessel og hans tid vart redigert av Liv Bliksrud. Boka inneheld artiklar basert på foredrag under Wesseldaganes litteraturseminar i oktober 1999.

Smeden og Bageren[endre | endre wikiteksten]

I mange av dei verka han har skrive, har Wessel laga ei humoristisk ramme rundt eit alvorleg tema. Det mest kjende diktet hans, Smeden og Bageren, handlar først og fremst om loven si makt og den gløymde fornufta.

Digterens gravskrift over sig selv[endre | endre wikiteksten]

Han aad og drak, var aldrig glad
Hans Støvlehæle gik han skæve.
Han ingen Ting bestille gad.
Til sidst han gad ej heller leve.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]