Johan Jørgen Broch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Jørgen Broch

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. januar 1791
Asker
Død

8. desember 1860 (69 år)
Christiania

Yrke politikar
Språk norsk

Johan Jørgen Broch (1. januar 17918. desember 1860) var ein offiser og stortingsmann.

Broch var fødd i Asker. Far hans var offiser, og han sjølv vart ti år gammal sett i lære på den militære skulen i Kristiania. Etter seks år, 1807, vart han uteksaminert og vart premierløytnant i 1. akershusiske regiment. Han deltok under felttoget i 1808-09. År 1812 vart han kaptein i nordenfjeldske regimnet. Deltok i felttoget i 1814, ved Blaker skanse.

Etter 1814 fekk Broch kommando over eit kompani i Fredrikstad. Han vart i 1818 overført til kristiansandske brigade, steig til major i 1835. To år etter, 1837, vart oberstløytnant og sjef for valderske korps 2. akershusiske brigade. I 1842 vart han sjø- og landkrigskommissær i vestre akershusiske distrikt. Han budde då i Larvik, og seinare i Tønsberg.

Han vart vald til stortingsrepresentant for Kristiansand i 1830, og for Larvik og Sandefjord i 1848. I 1830 var han visesekretær i Stortinget, og sekretær i både militærkomiteen, om brannvesenet i byane, og om løyvingar til kongen. I 1848 var han medlem av Lagtinget, formann i komiteen om vernepliktslova og atter var han sekretær i militærkomiteen.

Broch tok avskjed som krigskommisær i 1860. Han flytta då til Kristiania, men døydde før året var over.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]