Johan Jørgen Holst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Jørgen Holst

Johan Jørgen Holst i Pentagon i 1993
Foto: Helene C. Stikkel
Fødd29. november 1937
Oslo
Død13. januar 1994 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, diplomat, statsvitar
Utdanna vedColumbia University
Universitetet i Oslo
Oslo katedralskole
EktefelleMarianne Heiberg
Alle verv

Johan Jørgen Holst (29. november 193713. januar 1994) var norsk forskar og politikar (Ap) frå Oslo. Han var forsvarsminister frå 1986 til 1989, og frå 1990 til 1993, og deretter utanriksminister frå 1993 til han døydde i 1994. Han var styremedlem i Europarørsla frå 1973, der han var formann frå 1982 til 1986. Som utanriksminister er Holst truleg mest kjend for medverknaden til Oslo-avtalen i 1993. Han hadde eit mangfaldig internasjonalt kontaktnett, mellom anna med nøkkelpersonar som var med på å forme diplomatiet under den den kalde krigen, spesielt innan NATO, men også i nøytrale land og i Warszawapakta.[1] Holst hadde bakgrunn som forskar på tryggingspolitikk, men han tok aldri nokon doktorgrad. Stilen hans var intellektuell, men forskinga var meir prega av interesse for det praktiske, for det som kunne bidra til ein framsynt politikk. Særleg galdt det rustingskontroll.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Holst hadde examen artium frå Oslo katedralskule frå 1956, gjennomførte Forsvaret sitt russiskkurs 1956–1958, og vart uteksaminert med bachelor (B.A.) i statsvitskap frå Columbia University i 1960. Holst blei mag. art. i statsvitskap ved universitetet i Oslo i 1965. Han var vitskapeleg assistent ved Forsvarets forskningsinstitutt 1960–1962, forskningsstipendiat ved Center for International Affairs ved Harvard University, 1962–1963, forskar ved FFI 1963–1967, og ved Hudson Institute i USA 1967–1969. Deretter var han forskingssjef ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) 1969–1976. Holst fekk tilbod om stilling som direktør for International Institute of Strategic Studies (IISS) i London i 1970. Han blei då oppfordra av Trygve Bratteli til å bruke kompetansen sin i eit norsk miljø.

Arbeidarpartipolitikar og statssekretær[endre | endre wikiteksten]

Allereie på 1960-talet vart Holst brukt som taleskrivar og rådgivar for arbeiderparti-politikarar. I 1969 blei han medlem av Arbeiderpartiets internasjonale utval.

Han var statssekretær i Forsvarsdepartementet under Rolf Hansen i perioden 28. januar 1976 - 8. oktober 1979. Etter at Knut Frydenlund blei utanriksminister i 1974, var Holst, Frydenlund og Thorvald Stoltenberg nøkkelpersonar i arbeidet med å forme og gjennomføre Arbeidarpartiet sin utanrikspolitikk. Holst flytte til Utanriksdepartementet som statssekretær, der han var frå 15. oktober 1979 - 14. oktober 1981.

Medan Arbeiderpartiet var ute av regjeringskontora i Kåre Willoch si regjeringstid frå 1981 til 1986, var Holst direktør ved NUPI, noko han også var under Regjeringa Syse 1989-1990.

Statsråd[endre | endre wikiteksten]

Då Arbeidarpartiet fekk tilbake regjeringsmakta i 1986, vart Johan Jørgen Holst statsråd i Gro Harlem Brundtland si andre regjering 1986-1989 og deretter i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering frå 1990 til han døydde i januar 1994:

Fredsprosessen i Midt-Austen[endre | endre wikiteksten]

Saman med kona si, NUPI-forskaren Marianne Heiberg, FAFO-forskaren Terje Rød-Larsen og kona hans, Mona Juul, var Holst engasjert i fredsarbeidet i Midtausten, og han fekk mykje av æra for Oslo-avtalen i 1993. Då Holst døydde, skreiv Israels utanriksminister Shimon Peres:[2]

«Johan Jørgen Holst skreiv forordet til mi bok The New Middle East. I dette forordet omtalte Johan Jørgen Holst ein annan person med følgjande ord: «Som menneske er han uvanleg energisk, alltid søkjande, interessert, entusiastisk og overtydd om at noko kan gjerast også med den mest gjenstridige realitet». Denne skildringa passar betre enn noko anna på han som skreiv desse orda, for Johan Holst viste verkeleg at noko kan gjerast med «også den mest gjenstridige realitet». Det er ingen tvil om at den palestinsk-israelske konflikten høyrer inn under kategorien «mest gjenstridige realitet». [...] Johan Holst kom med sine mange verdifulle eigenskapar, noko som gjorde innsatsen hans i dette dramaet så avgjerande og positiv: Ein ekstraordinær, ungdommeleg energi; ein personleg, utrøytteleg arbeidsinnsats; ein norsk, kompromisslaus ansvarskjensle; alvor, djupne og stor tru. Alle var overraska over at fredsprosessen fann stad i Noreg. [...] Også Holst overraska oss. I utgangspunktet hadde han enda til gode å etablere seg, som fersk utanriksminister. Ny, nesten ukjend – men då dette høvet dukka opp, heva han seg med dette til å bidra til forhandlingane på ein måte som kravde respekt.»

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

I slutten av november 1993 vart Holst innlagd på sjukehus. Kort tid etter at han vart utskriven i desember, fekk han hjerneslag. Etter nokre veker på Rikshospitalet blei han overført til rehabilitering på Sunnaas sjukehus utanfor Oslo, der han døydde brått dagen etter at han vart innlagd, og medan han framleis var utanriksminister. Marianne Heiberg uttalte seinare at Holst hadde arbeidd seg i hel med fredsprosessen.

Få dagar før han døydde vart han nominert til Nobels fredspris for 1994. Ettersom prisen berre kan gå til levande personar kunne han ikkje få prisen post mortem. Yasir Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin, dei tre viktigaste aktørane frå partane i Oslo-prosessen fekk Nobelprisen i desember 1994.

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • 1994Årets europear, saman med kona Marianne Heiberg
  • 1994 – Fredsprisen frå Harry S. Truman-instituttet i Jerusalem
  • 1994 – Fredsprisen frå den amerikanske velgjerdssorganisasjonen Pax
  • Johan Jørgen Holsts minnefond, som Marianne Heiberg administrerte til ho døydde, blei oppretta like etter at Holst døydde.
  • I Gaza by er aktivitetssenteret Holst Park, for born frå 6 til 16 år, oppkalla etter Holst.
  • Ei byste av Holst, laga av Per Ung, blei avduka på Akershus festning i mai 1999.
  • Venner av Israel i Norsk Arbeiderbevegelse (VINA) planta ein skog til hans minne i Israel.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Kona til Holst, Marianne Heiberg, var syster til Karin Stoltenberg, og Holst var dermed svoger med forgjengaren Torvald Stoltenberg og onkel til Jens Stoltenberg.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1967Norsk sikkerhetspolitikk i strategisk perspektiv I–II
  • 1969Why ABM? Policy Issues in the Missile Defence Controversy, med William Schneider
  • 1972Security, Order, and the Bomb
  • 1972Hvorfor ja til EF
  • 1972EF – Norges vei
  • 1973Five Roads to Nordic security
  • 1974Norge og rustningskontroll i Europa
  • 1977New Strategic Factors in the North Atlantic, med Christoph Bertram
  • 1977Beyond Nuclear Deterrence: New Arms, New Aims, med Uwe Nerlich
  • 1978Vår forsvarspolitikk
  • 1985Norsk utenrikspolitikk
  • 1985Norwegian foreign policy in the 1980's
  • 1985Deterrence and Defence in the North

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Johan Jørgen Holst på Stortinget.no

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Norsk biografisk leksikon
  2. Aftenposten, 22. januar 1994