Johan Jongkind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Jongkind

Johan Barthold Jongkind (3. juni 18199. februar 1891) var ein nederlandsk målar og grafikar. Han måla kystlandskap på ein eigen og sjølvstendig måte. Stilmessig vert han rekna som ein forløpar til impresjonismen.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Jongkind kom til verda i landsbyen Lattrop i Overijssel-provinsen i Nederland, nær grensa mot Tyskland. Han gjekk i lære på kunstakademiet i Haag, før han i 1846 flytta til bydelen Montmartre i Paris. Der studerte han vidare under målarane Eugène Isabey og Francois-Edouard Picot. To år seinare fekk han stilt ut verk på salongen i Paris, og hausta anerkjenning frå kritikaren Charles Baudelaire og seinare frå Emile Zola. Men han fekk smått med suksess, og leid tidvis av depresjonar som gjerne vart forsterka av stort forbruk med alkohol.

I 1855 busette Jongkind seg i Rotterdam, og heldt seg der dei neste fem åra. Han flytta så tilbake til Paris i 1861 og skaffa seg atelier i bydelen Montparnasse. Nokre av bileta hans byrja så smått å vise glimt av den impresjonistiske stilen han skulle kome til å utvikle. I 1862 møtte han i Normandie kunstnarvener som Alfred Sisley, Eugène Boudin og den unge Claude Monet, som alle tre såg på Jongkind som ein mentor. Året etter stilte Jongkind ut bilete på den aller fyrste utstillinga med måleri som var avvist på Pariser-salongen.

Jongkind flytta i 1878 til småbyen Côte-Saint-André i nærleiken av Grenoble. Der døydde han 13 år seinare og vart gravlagd på den lokale kyrkjegarden.

Riving i Rue des Franc-Bourgeois St. Marcel, 1868
Overschije i månelys, 1871

Stil og motiv[endre | endre wikiteksten]

Jongkinds vanlegaste motiv var kystlandskapet, som han måla både i Nederland og i Frankrike. Mange av verka hans skildrar elva Seinen, særleg området nær Notre-Dame-katedralen. Han måla med vassfargar i friluft, for så å bruke desse bileta som skisser til oljemåleria han laga i ateliereret. Måleria hans er karakterisert av kraftig penselføring og sterke kontrastar. Til liks med 1600-talets nederlandske landskapsmålarar komponerte han landskapa sine med ein låg horisont og let himmelen dominere i biletet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]