Johan Kjølstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Kjølstad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. mars 1983 (41 år)
Levanger kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2006, Vinter-OL 2010, Ski-VM 2009

Johan Kjølstad (fødd 9. mars 1983) er ein norsk langrennsløpar frå Ekne i Levanger som spesialserte seg på dei såkalla sprint-øvingane. I par med Ola Vigen Hattestad vann han VM-gull på team-sprinten under Ski-VM 2009 i Liberec, og tok sølv i sprinttevlinga bak same Hattestad.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kjølstad tok sin fyrste av to verdscupsigrar i Nove Mesto den 16. januar 2005, eit sprintrenn i fristil. Den andre triumfen kom då han vann klassisk-sprinten i Kuusamo den 1. desember 2007. Kjølstad har til saman seks pallplasseringar i verdscup-sprintar og fire i lag-sprintar. Han deltok på sprinten både under Vinter-OL 2006 og Vinter-OL 2010, der han vart høvesvis nummer sju og nummer ni.

I åra frå 2006 til 2011 vann Kjølstad fire medaljar i sprintøvinga under noregsmeisterskapane; gull i 2010, sølv i 2006 og 2009, samt bronse i 2011. Desse sesongane sikra han seg elles to NM-gull i 3x10 km stafett med Skogn Idrettslag og tre NM-titlar i team-sprint.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]