Johan Kleppe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Kleppe (fødd 29. september 1928) er ein norsk veterinær og politikar for Venstre. Han var forsvarsminister i regjeringa Korvald.

Kleppe blei fødd på Bjørnskinn i Nordland. Han blei uteksaminert frå Norges veterinærhøgskole i 1954. I studietida var han formann i Studentvenstrelaget i 1950. Etter studia jobba han som kommuneveterinær i Andøy. Han var ordførar i Andøy 1966-1967, 1967-1969 og 1975-1978. I regjeringa Borten var han statssekretær i Landbruksdepartementet frå 1968-1969. Frå 1969-1973 var han vald inn på Stortinget for Nordland. Då Venstre blei delt i 1972, var han ein av dei fire stortingsrepresentantane som blei verande igjen i Venstre. Frå 18. oktober 1972 til 30. september 1973 var han forsvarsminister i regjeringa Korvald. Frå 1966 til 1974 var han medlem i Venstre sitt landsstyre.

Etter den politiske karrieren var han mellom anna fylkesveterinær for Nord-Noreg frå 1976 til 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Biografi på stortinget.no