Johan Ludwig Mowinckel si første regjering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Johan Ludwig Mowinckel si første regjering tiltredde 25. juli 1924 og gjekk av 5. mars 1926. Den var ei mindretalsregjering frå Venstre. Den tok over etter Regjeringa Berge, og vart avløyst av Regjeringa Lykke.

Statsministeren, Johan Ludwig Mowinckwel hadde vore utanriksminister i Blehr si andre regjering 1922-1923, og tok oppatt tradisjonen etter Jørgen Løvland med også å vere utanriksminister. Mowinckel var også utanriksminister i dei to neste regjeringane han leia. Etter han har ingen norsk statsminister prøvd denne kombinasjonen.

Regjeringa hadde følgjande statsrådar:

Statsrådpost Statsråd Periode[1] Parti
Statsminister Johan Ludwig Mowinckel Venstre
Utanriksminister Johan Ludwig Mowinckel Venstre
Forsvarsminister Rolf Jacobsen Venstre
Finansminister Arnold Holmboe Venstre
Handelsminister Lars Meling Venstre
Arbeidsminister Ole Monsen Mjelde Venstre
Justis- og politiminister Paal Berg Venstre
Sosialminister Lars Oftedal Venstre
Landbruksminister Haakon Five Venstre
Kyrkje- og undervisingsminister Ivar Tveiten Venstre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heile regjeringa sat heile perioden frå 25. juli 1924 til 5. mars 1926