Johan M. Staff
Johan M. Staff | |||
Fødd | 11. november 1843 | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mars 1919 (75 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Johan Martinius Staff (fødd 11. november 1843) var ein glasmeister og stortingsmann frå Kristiania. Han var venstremann.
Staff var son til ein bakarmeister. Sjølv gjekk han seks år i glasmeisterlære. Fram til 1871 var han fullmektig ved 'Biri glasverk', ei tid òg fungerande styrar. Den lange perioden 1871-1911 var han fullmektig ved 'Høvik glasverk', deretter gjekk han inn i stilling som kontorsjef på glasverket.
Staff representerte Akershus amt på Stortinget valperioden 1886-88. Han var då medlem av tollkomiteen. Frå 1889 var han medlem av Bærum heradsstyre i om lag femten år, eit år varaordførar. Forlikskommissær 1901-03, og hadde elles mange kommunale verv.
Kjelde[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914