Johan Mikkel Sara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Mikkel Mikkelsen Sara, kjend som Johan Mikkel Sara, (fødd 2. juni 1953) er ein samisk politikar. Sara var sametingsrepresentant alle dei fem periodane frå starten i 1989 til 2009, og var varapresident frå etter valet i 2005 til 26. september 2007.[1]

Etter sametingsvalet i 2005 var Sara ein av den såkalla «firarbanden», som var på vippen mellom NSR og Arbeidarpartiet, og som i kraft av denne forhandlingsposisjonen fekk framståande posisjonar i Sametinget ved å samarbeide med NSR. Dette samarbeidet skar seg i september 2007 og Sara og leiaren for NSR, Aili Keskitalo, måtte gje frå seg presidentskapet til Arbeidarpartiet.

Sara er næringsdrivande og busett i Oslo.[2]

Ved Sametingsvalet i 2009 var Sara andrekandidat på lista til Samer bosatt i Sør-Norge i Sør-Noreg valkrins,[2] men han vart ikkje innvald.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samiske artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.