Johan Neeskens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Neeskens
Johan Neeskens med Nederland i 1974
Personleg informasjon
Fullt namn Johannes Jacobus Neeskens
Fødselsdato 15. september 1951 (72 år)
Fødestad Heemstede i Nederland
Høgd 178 cm
Posisjon Sentral midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1968-1970 RCH 68 (1)
1970-1974 Ajax 124 (33)
1974-1979 Barcelona 140 (35)
1979-1984 New York Cosmos 94 (17)
1984-1985 Groningen 7 (0)
1985 South Florida Sun 1 (0)
1985-1986 Kansas City Comets (innandørs) 23 (1)
1986-1987 Löwenbrau (amatør)
1987-1990 Baar 23 (5)
Landslag
1970-1981 Nederland 49 (17)
Trenar for
1991-1993 Zug 94
1993-1995 Stäfa
2000-2004 NEC
2006-2008 Barcelona (assistenttrenar)
2009-2010 Galatasaray (assistenttrenar)
2011-2012 Mamelodi Sundowns
Landslagstrenar for
1995-2000 Nederland (assistenttrenar)
2005-2006 Australia (assistenttrenar)
2008-2009 Nederland B
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Johannes Jacobus Neeskens (fødd 15. september 1951) er ein nederlandsk tidlegare fotballspelar og -trenar frå Heemstede i Nederland. Neeskens var ein av nøkkelspelarane på klubblaget Ajax og på Nederlands landslag, lag som i første halvdelen av 1970-åra revolusjonerte idretten gjennom sin totalfotball. Han spelte 49 landskampar for Nederland og skåra 17 mål.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Neeskens debuterte i 1968 med RCH Heemstede på nivå to i det nederlandske divisjonssystemet. Her spelte han i to sesongar, før han vart oppdaga av Ajax-trenaren Rinus Michels. Åra 1970-74 spelte han på Ajax, med klubben vann han Europacupen tre år på rad 1971–1973, dessutan to cupmeisterskap og to seriemeisterskap. I europacup-finalen i 1971 spelte Neeskens høgreback, sidan hadde han fast posisjon på sentral midtbane.

Etter VM 1974 i Vest-Tyskland gjekk Neeskens til FC Barcelona. I Barcelona var også den tidlegare Ajax-trenaren Rinus Michels og Johan Cruijff. Med Barcelona vann han i 1978 den spanske fotballcupen og i 1979 cupvinnarcupen med siffera 4-3 over Fortuna Düsseldorf. Etter fem år i Barcelona flytta Neeskens sommaren 1979 til den USA-amerikanske klubben New York Cosmos. Frå hausten 1984 spelte Neeskens litt her og der, utan å sette spor etter seg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Neeskens fekk sin landslagsdebut for Nederland hausten 1970 mot DDR. Sesongane 1972-74 var han ein heilt sentral spelar på Nederlands fotballandslag. Med sin kvikke og rørlege spelestil passa han godt inn spelet med totalfotball. Under verdsmeisterskapen i fotball 1974 spelte Nederland seg fram til finalen. I finalen mot Vest-Tyskland i München gav Neeskens sitt lag leiinga med eit straffespark det 2. minutt, men vertsnasjonen snudde kampen og vann 2-1. Også i 1978 var Neeskens med på å spele Nederland fram til VM-finalen. På ny måtte han nøye seg med VM-sølv då vertsnasjonen Argentina vann 3-1 etter ekestraomgangar.

Trenar[endre | endre wikiteksten]

Sidan 1991 har Neeskens arbeidd som fotballtrenar. Han har mellom anna vore assistentrenar for landslaga til Nederland 1995-2000 og Australia 2005-06, og for klubbane Barcelona 2006-08 og Galatasaray 2009-10. Fremste stillingane som hovudtrenar hadde han i NEC Nijmegen 2000-04 og har han sidan 2011 i den sør-afrikanske klubben Mamelodi Sundowns.

Meistertitlar og medaljar[endre | endre wikiteksten]

  • Tre gongar vinnar av Europacupen med Ajax Amsterdam: 1971, 1972, 1973
  • To gongar nederlandsk seriemeister med Ajax Amsterdam: 1972, 1973
  • To gongar nederlandsk cupmeister med Ajax Amsterdam: 1971, 1972
  • Spansk cupmeister med FC Barcelona: 1978
  • VM-sølv med Nederland: 1974, 1978
  • EM-bronse med Nederland: 1976

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]