Johan Sætre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Johan Sætre (fødd 5. januar 1952) er ein tidlegare skihoppar frå Trysil. Han var heile tida medlem av Idrettslaget Trysilgutten. Under Ski-VM 1982 i Oslo var han med på det norske landslaget som vann den fyrste meisterskapen i laghopping. Dei andre på laget var Per Bergerud, Ole Bremseth og Olav Hansson. Frå 1974 til 1982 vann Sætre 10 noregsmeisterskap, seks i normalbakken og fire storbakken, og vart tildelt kongepokalen tre gonger; 1976, 1977 og 1980. To gonger fekk han sølv og fire gonger bronse under NM-renn. Han er den mestvinnande hopparen i NM-samanheng.

I dei største tevlingane[endre | endre wikiteksten]

Sætre deltok for Noreg i alle dei store internasjonale meisterskapane frå 1974 til -82. Under verdsmeisterskapen i Falun i 1974 vart han som best nummer ni i storbakken, der han var beste nordmann. I 1976 i Innsbruck, då dei norske hopparane låg etter på utstyrsfronten, var han den einaste nordmannen mellom dei 25 beste i dei to OL-renna. Trettandeplassen i storbakkerennet var hans beste plassering. Same plasseringa oppnådde han under VM-tevlinga i normalbakken i Lahti i 1978. I 1980 i Lake Placid vart han nummer 14 i normalbakken. Under VM i 1982 i Oslo vart han nummer 17 og 24 i høvesvis normalbakken og storbakken. Likevel må meisterskapen reknast som hans beste, då han var med i kvartetten som vann VM-gull i skihopping for lag.

Sætre kom på pallen i mange store renn med god internasjonal deltaking. Men berre sjeldan kunne han stige til topps. Dei to einaste sigrane i store internasjonale renn kom i Svenska skidspelen i Falun i 1979 og i eit verdscuprenn i Gstaad i 1981. I Falun vann han klart føre Pentti Kokkonen, som i same sesongen hadde vunne den tysk-austerrikske hoppveka. Under rennet i normalbakken i Gstaad 23.1.1981 var Sætre tre poeng føre toaren Armin Kogler og fire føre Roger Ruud poå tredjeplass. Fire gonger kom Sætre mellom dei tre beste i hopprennet i Holmenkollen. I 1981 vart han tildelt Holmenkollmedaljen.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1974: Nr 9 i normalbakken under VM i Falun
  • 1975: Nr 2 i Falun
  • 1976: Nr 2 i Falun, nr 3 i Bischofshofen og i Holmenkollen
  • 1976/77: Nr 5 i Oberstdorf
  • 1978: Nr 2 i Holmenkollen
  • 1979: Vinnar i Falun, nr 2 i Bischofshofen og i Holmenkollen
  • 1980: To andreplassar i verdscupen; St. Moritz og Engelberg, og ein tredjeplass
  • 1981: Siger i Gstaad, ein andreplass og to tredjeplassar
  • 1981/82: Nr 2 i Cortina d'Ampezzo og nr 3 i Štrbské pleso
  • 1983: Nr 15 i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1971: Nr 11 i normalbakken i Rælingen
  • 1972: Nr 5 i normalbakken i Trondheim
  • 1973: Nr 5 i normalbakken i Vang
  • 1974: Noregsmeister normalbakken i Trondheim, bronsemedalje i storbakken i Meldal
  • 1975: Noregsmeister normalbakken i Rælingen, bronsemedalje i storbakken i Bærum
  • 1976: Noregsmeister både i normalbakken i Fåvang og i storbakken på Rena
  • 1977: Noregsmeister både i normalbakken i Vang og i storbakken i Odnes
  • 1978: Sølvmedalje i normalbakken på Konnerud
  • 1979: Noregsmeister normalbakken i Sprova, sølvmedalje i storbakken i Bærum
  • 1980: Noregsmeister både i normalbakken i Asker og i storbakken i Meldal
  • 1981: Bronsemedalje både i normalbakken i Rælingen og i storbakken i Odnes
  • 1982: Noregsmeister i storbakken på Rena
  • 1983: Nr 8 i storbakken på Lillehammer
  • 1984: Nr 10 i storbakken i Meldal
  • 1985: Nr 4 i storbakken i Bærum

Sætre la opp skihoppinga i 1985.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar