Johan Tobias Sergel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan Tobias Sergel. Litografi.
Johan Tobias Sergel, sjølvportrett, 1793.

Johan Tobias Sergel (28. august 1740 - 26. februar 1814) var ein svensk bilethoggar og biletkunstnar.

Sergel sine foreldre Christoffer Sergell og Elisabet Swyrner var begge kunstnarar. Dei var opphavleg frå Tyskland men kom til Sverige i 1739. Faren og Johan Tobias Sergel sine to søstrer Anna Brita og Maria Sofia Sergel var alle knytt til det svenske hoffet kor dei arbeidde med broderi.

Sergel sitt talent var tydeleg alt i unge år og som gut gjekk han i lære hjå meistrane Jean Eric Rehn og Jacques Adrien Masreliez. I 1757 byrja han som elev til skulptøren og franskmannen Pierre Hubert L'Archevêque, kjend mellom anna for ryttarstatuen på Gustaf Adolfs torg sentralt i Stockholm.

Reise till Paris og Italia[endre | endre wikiteksten]

19 år gamal vart Sergel tildeld kunstnarløn. To år etterpå blei han løna med den svenske teiknarakademien sin store gullmedalje. Åra 1767 til 1779 budde Sergel i utlandet. I 1767 fekk Sergel eit stipend på 3000 daler sølvmynt og med dei midlane finansierte han ei studiereise til Paris, Roma og Napoli. Mesteparten av tida opphald seg Sergel i Roma. Tida nytta han mellom anna til å studere oldtidas kunst og fleire av hans tidlege motiv er tematisk henta frå oldtidas mytologi. Etter at stipendet var oppbrukt begynte han å skulptere på oppdrag. For Ludvig XV av Frankrike laga Sergel tingingsverket Amor og Psyke, men kongen døyde då verket enno var halvferdig. Denne skulpturen vart sidan kjøpt inn av Gustav III av Sverige, som etterkvart var begynt å syne interesse for denne lovande kunstnaren.

Attende til Stockholm[endre | endre wikiteksten]

Etter dei tolv åra i utlandet blei Sergel kalla attende til Sverige av kong Gustav III. Nokså motviljug drog Sergel til Stockholm – han hadde nett vorte vald inn i det franske kunstakademiet og utnemnd til kongeleg bilethoggar. Sergel var òg invitert av Katrina II til Russland men dit drog han aldri. I staden blei Sergel i 1780 utnemnd til professor ved kunstakademiet i Stockholm.

Trass i den eventyrlege framgangen levde Sergel langt ifrå eit liv i likevekt: han var kjend som melankolsk og stundom ville han ta sitt eige liv. Mykje vart betre etter 1783, året då han trefte Anna Rella Hellström. Ho vart elskarinna hans og kjærleiksmøta deira skildra Sergel i ein serie humoristiske og erotiske teikningar. Etter ei reise i lag med kong Gustav III flytta Sergel og Anna Rella saman i eit hus sør for plassen kor ein i dag finn Hötorget. Anna Rella Hellström og Johan Tobias Sergel fekk fire born, men berre to av dei overlevde. Tida saman blei heller kort. Hellström døyde i 1796. Sergel levde ugift dei siste atten åra.

Johan Tobias Sergel er gravlagd på Adolf Fredriks kyrkjegard i Stockholm. Fleire sentrale plassar i Stockholm er oppkalla etter Johan Tobias Sergel til dømes Sergels torg, Sergelarkaden og Sergelgatan. I Malmö er ei gate døypt etter kunstnaren: Sergels väg.

Verk av Sergel[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johan Tobias Sergel