Johan Vogt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan Vogt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1900
Oslo
Død

17. juli 1991 (90 år)
Oslo

Yrke samfunnsøkonom, professor
Språk norsk
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening, Mot Dag
Far Johan Herman Lie Vogt
Ektefelle Judith Vogt

Johan Vogt (23. september 190017. juli 1991) var ein norsk samfunnsøkonom.

Johan Vogt var son av Johan Herman Lie Vogt, som var professor ved NTH i Trondhjem, og Martha Johanne Abigael Kinck.[1] Her gjekk han på Trondheim Katedralskole, der han stifta gymnasavisen «De unges forbund» og trykte tekstar av mellom anna Nordahl Grieg og Johan Borgen. På grunn av artiklane i bladet vart han utvist frå skolen, og måtte ta examen artium som privatist. Gjennom søstera Margit Vogt var han svoger av krigshelten Martin Linge.

Som student meldte Vogt seg inn i Mot Dag allereie to månader etter stiftinga, og fekk medlemskort nummer 5. Vogt vart arrestert under andre verdskrigen og sat på Grini til 1945.

Vogt studerte statsøkonomi og tok eksamen (cand.oecon.) i 1923. 1928–33 var han statsstipendiat, men han brukte det meste av tida i Mot Dag. I denne perioden arbeidet Vogt mellom anna med å omsette bokverket Das Kapital (Kapitalen) til norsk. Seinare livnærte han seg som timelærar ved Oslo Handelsgymnasium og ved universitetet, til han i 1948 vart dosent i sosiallære. I 1957 vart han Wilhelm Keilhaus etterfølgjar som professor. Johan Vogt vart i 1976 første mottakar av Fritt Ords Pris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Preben Munthe: Norske økonomer: sveip og portretter. Oslo: Universitetsforlaget, 1992.