Johan de Witt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johan de Witt - Caspar Netscher.jpg
Wendela Bicker (1659), portrett av Adriaen Hanneman
Statue av Johan de Witt på De Plaats i Den Haag. Dei to fingrane hans peiker på staden der han og bror hans Cornelis vart myrda i 1672

Johan de Witt, òg kjent som Jan de Witt, (fødd 24. september 1625 i Dordrecht, død 20. august 1672 i Den Haag) var ein nederlandsk politikar. Han var statssekretær (nederlandsk Raadspensionaris) for Holland og Vest-Friesland i perioden 1650–1672. Johan var den mest suksessrike i slekta si «de Witt», ein nederlandsk Patrisier- og regentslekt.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Familien til Johan de Witt bestod av faren Jacob de Witt som var borgarmeister i Dordrecht, mora Anna van den Corput som var niesa til Johannes Corputius (kartograf og nederlandsk militærleiar i åttiårskrigen), og den yngre broren Cornelis de Witt. Familien hans høyrde til i ein lang periode den styrande klassa i heimbyen deira, og onkelen til De Witt Andries de Witt var òg statssekretær for Holland (raadspensionaris) i ein kort periode.

I 1655 gifta han seg med Wendela Bicker, dottera til Johan Bicker og Agneta de Graeff av Polsbroek. Med dette klarte De Witt og gifte seg inn i den mektige De Graeff-Bicker-klanen. Dette viste seg å vere nøkkelen til den politiske suksessen hans.

De Witt studerte jus ved Universitetet i Leiden, og reiste saman med broren sin Cornelis i 1645 gjennom Europa. Han tok doktorgraden sin ved Universitetet i Angars same år. I dei følgjande åra arbeidde han som advokat i Den Haag.

Den første statsmannen i Nederland[endre | endre wikiteksten]

I 1653 vart de Witt gjennom onkelenCornelis de Graeff statssekretær og fekk stor innverknad på den dåverande utanrikspolitikken. Gjennom leiinga hans vart det i 1654 erklært fred med England, og Westminster-avtalen underteikna. I desse turbulente tidene utgjorde rådgjevaren hans Coenraad van Beuningen ei stor støtte.

Perioden hans som statsmann var prega av ei sterk økonomisk vekst og sjølve høgdepunktet i den såkalla «Nederlandske gullalderen».

Etter at Nederland i 1665 igjen hadde erklært krig med England, var de Witt på ny aktuell i fredsforhandlingar. I 1667 vart Breda-avtalen underteikna, som på ny erklærde fred mellom dei to statane.

Traktat om livrenta[endre | endre wikiteksten]

I 1671 publiserte de Witt ein traktat ved namn Waerdye van Lyf-Renten Naer Proportie van Lós-Renten, der han viste at livrenta til eit bestemt rentenivå var billegare enn oppseielege skuldbrev. Sidan han berre kunne vise til lite tilfredsstillande statistikk frå det nederlandske livrenteregistret, baserte han utrekningane sine på ein enkel statistisk mortalitetsmodell.

Lika til brørne Johan og Cornelis de Witt, Den Haag, august 1672. Måleri av Jan de Baen,Rijksmuseum (Amsterdam)

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

Etter freden reduserte de Witt styrken til hæren. Dette førte til ulukke da Ludvig XIV gjekk til åtak på Nederland i 1672. De Witt vart etterfølgd av Vilhelm III og same år myrda av ei opphissa folkemengd saman med bror sin Cornelius de Witt.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Johan de Witt» frå Wikipedia på bokmål, den 28. juli 2011.
  • Rowen, Herbert H. (1986) John de Witt - Statesman of the «True Freedom».Cambridge University Press. ISBN 0-521-52708-2.
  • Israel, Jonathan I. (1995) The Dutch Republic - Its Rise, Greatness, and Fall - 1477-1806 – Clarendon Press. ISBN 978-0-19-820734-4.
  • Panhuysen, Luc (2005) De Ware Vrijheid, De levens van Johan en Cornelis de Witt – Atlas.
  • Postma, Mirte (2007) Johan de Witt en Coenraad van Beunuingen - Correspondentie tijdens de Noordse oorlog (1655-1660) – Scriptio Verlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johan de Witt