Johann Christoph Friedrich Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Johann Christoph Bach.
Johann Christoph Friedrich Bach
Johann Christoph Friedrich Bach.jpg
Johann Christoph Friedrich Bach
Alias Bückeburg-Bach
Fødd 21. juni 1732, Leipzig i Tyskland
Død 26. januar 1795 (62 år), Bückeberg i Tyskland
Periode Klassisismen
Sjanger Symfoniar, vokalmusikk, kormusikk, kammermusikk
Aktive år 1760-1785
Yrke Komponist

Johann Christoph Friedrich Bach (21. juni 173226. januar 1795) var ein tysk komponist, og den niande sonen til Johann Sebastian Bach. Han vert nokre gonger referert til som Bückeburg-Bach.

Han vart fødd i Leipzig og undervist i musikk av faren sin. Han studerte ved St. Thomas-skulen, og nokre meiner at han studerte jus ved universitetet der, men det finst det ikkje bevis for. I 1750 gjorde grev Wilhelm av Schaumburg-Lippe Johann Christoph til cembalist ved Bückeburg, og i 1759 til konzertmeister.

Johann Christoph skreiv klaversonatar, symfoniar, oratorium, liturgiske korsongstykke og motettar, operaer og songar. Greiv hadde ein forkjærleik for italiensk musikk, og Johann Christoph måtte tilpasse stilen sin deretter, men han heldt mange av elementa han hadde teke etter faren og broren, musikken til Carl Philipp Emanuel.

Encyclopedia Britannica frå 1911 skildrar Johann Christoph Friedrich Bach som ein dugeleg komponist, «viss verk ikkje gjer noko skam på familienamnet». Då professor Peter Schickele samanlikna den fiktive komponisten P. D. Q. Bach med dei andre sønene til Johann Sebastian, sa han at musikken til P. D. Q. hadde «obskuriteten til Johann Christoph Friedrich».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]