Johann Joseph Fux

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Joseph Fux
Johann Joseph Fux.jpg
Johann Joseph Fux
Fødd kring 1660, Hirtenfeld ved Graz i Austerrike
Død 13. februar 1741 (81 år), Wien
Periode Barokken
Sjanger Kormusikk, kammermusikk, orkestermusikk, opera
Yrke Komponist, musikar og musikkteoretikar
Johann Joseph Fux

Johann Joseph Fux (født kring 1660 i Hirtenfeld ved Graz, død 13. februar 1741 i Wien) var ein austerriksk komponist og musikkteoretikar.

Fux var bondeson og ein kjenner lite til det tidlege livet hans, bortsett frå at han rundt 1680 studerte ved universitetet i Graz og mellom 1683 og 1687 i Ingolstadt. I 1696 vart han utnemnt til organist ved Schottenstift i Wien og denne posten heldt han til 1702 da keisarhoffet vart merksam på han og utnemnte han til hoffkomponist. Frå 1701 vart han kapellmeister ved Stephansdom i Wien og i 1711 musikkdirektør ved hoffet, ein av dei viktigaste embeta i det europeiske musikklivet. Som musikkdirektør skreiv han mange operaer og oratorium.

Den mest kjende operaen hans, Costanza e Fortezza, vart oppført i Praha i høve kroninga av keisar Karl VI til konge av Böhmen.

Fux underviste òg komposisjon og av elevane hans var Georg Christoph Wagenseil, Gottlieb Muffat og Jan Dismas Zelenka.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Det viktigaste verket til Fux var læreboka i komposisjon Gradus ad Parnassum (1725). Boka var skrive på latin og vart i 1742 omsett til tysk av Lorenz Christoph Mizler, ein av elevane Bach. Boka tente som lærebok i kontrapunkt fram til 1900-talet.

Fux komponerte 18 operaer, 50 messer, tre rekviem, 57 vesperar og salmar, 10 oratorium og 29 partitaer.

I motsetnad til Gradus ad Parnassum gjekk musikken hans fort i gløymeboka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]