Johann Kuhnau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Kuhnau

Fødd6. april 1660
FødestadGeising i Tyskland
Død5. juni 1722 (62 år)
DødsstadLeipzig
AliasJulius Kunstlieb, Johann Cuno
OpphavDet tysk-romerske riket
PeriodeBarokken
Aktiv1689-1720
SjangerOrgelmusikk
Instrumentorgel
Verka somKomponist og organist

Johann Kuhnau (fødd 6. april 1660 i Geising, død 5. juni 1722 i Leipzig) var ein tysk komponist og organist. Han var forgjengaren til Johann Sebastian Bach som organist og kantor i Thomaskyrkja i Leipzig.

Kuhnau var son av ein møbelsnekkar i Geisling. Han fekk stipend for å gå på den kjende Kreuzschule i Dresden og studerte deretter både filosofi og jus i Leipzig før han tiltredde ei stilling som kantor i Zittau. Slike studium hadde vore det normale for kantorar heilt sidan reformasjonen. Han vart sett på som universalgeni blant musikarar i samtida si. Johan Adlung skreiv om han: «Eg veit ikkje nokre i ordenen til tonekunstnarane som hadde meir lærdom enn han. Han hadde studert teologi, jus, retorikk, diktarkunst, framande språk, matematikk og musikk.»

I 1682 vendte han tilbake til Leipzig og to år etter fekk han ei stilling som organist i Thomaskyrkja. Frå 1701 etterfølgde han Johann Schelle som Thomaskantor og hadde stillinga til han døydde. Frå same år hadde han òg embetet som universitetsmusikkdirektør. Fleire av elevane hans vart komponistar, mellom andre Johann David Heinichen og Christoph Graupner.

Kuhnau var særleg kjent for komposisjonane sine for klaverinstrument. Hans «bibelske historier for cembalo» kan reknast som tidlege døme på programmusikk. Hans Neue Clavierübung har òg påverka etterfølgjaren hans, Bach. I kyrkjemusikken sin var Kuhnau mindre innovativ, og står meir nær seint 1600-tal enn 1700-talet. Men ved den mangfaldige og viktige personlegdomen sin må Kuhnau ha gjort eit sterkt inntrykk på sine samtidige.

I seinare år har det vorte hinta om at Kuhnau kan ha skrive julekantaten som tidlegare var tilskriven Johann Sebastian Bach som BWV 142, noko som har ført til at han ikkje lenger er spelt inn eller framført like ofte som før.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]