Johann Olav Koss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Olav Koss.

Johann Olav Koss (fødd 29. oktober 1968) er ein tidlegare norsk skeiseløpar og olympisk meister frå Drammen. Han representerte Strømmen IF og SK 94 Koss vert sett på som ein av dei beste skeiseløparane gjennom tidene, og var om lag på same nivå som Hjalmar Andersen og Knut Johannesen.

Idrettskarriere[endre | endre wikiteksten]

Koss vart norsk juniormeister på skeiser i 1987, men låg eit stykke bak dei beste i junior-VM i 1986 og 1987. I 1988 debuterte han på seniornivå i VM på Medeobanen i Alma Ata, men då han enda på 35. plass på 5000-meteren kvalifiserte han seg ikkje til den avsluttande 10 000-meteren.

Året etter kom han på 8. plass i VM og 15. plass i EM. Gjennombrotet kom i 1990, då han vann verdsmeisterskapen i Innsbruck i Austerrike. Dei neste fire åra kom han på sigerspallen i samtlege EM og VM, og tok tre laurbærkransar. Fleire gonger var det nederlendaren Falko Zandstra som tok frå Koss sigeren. Koss deltok i sitt fyrste OL i Albertville i 1992, der han vann 1500-meteren fire hundredeler framfor Ådne Søndrål. Han tok sylv på 10 000 meter bak Bart Veldkamp.

1994 vart det siste året hans som aktiv skeiseløpar, og OL på Lillehammer vart høgdepunktet hans dette året. Rintje Ritsma vann europameisterskapen på Hamar framfor Koss. Men under OL triumferte Koss på dei tre lengste distansane ved å ta gullet og setja nye verdsrekordar i alle tre løpa med tidene 1.51,29, 6.34,96 og 13.30,55. 10 000-meterløpet vann han dessutan med nesten 19 sekund framfor Kjell Storelid. Nasjonalt har Koss sikra seg fire all round-meisterskap, 11 distansemeisterskap og to kongepokalar. Han sette i alt ti verdsrekordar.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Humanitært arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 1994 starta Koss kalenderprosjektet Norske toppidrettsutøvere mot narkotika, saman med treningskameraten Atle Vårvik. I 1997 vart arbeidet utvidd, og organisasjonen MOT vart skipa. Frå 1994 har Koss også vore ambassadør for barnefondet til SN, UNICEF.

Etter at Koss gav delar av det han vann under OL i Lillehammer til Olympic Aid, vart han engasjert i hjelpearbeidet for fattige born. Han heldt fram samarbeidet med Olympic Aid under Sommar-OL i Atlanta 1996. Olympic Aid vart lagt ned, men midla og arbeidet vart vidareført til den humanitære organisasjonen Right To Play. Organisasjonen vart skipa i 2000, og Koss er president for han.

Frå 1999 - 2002 sat Koss i reformkomitéen til Den Internasjonale olympiske komité (IOC), var utøvarrepresentant i IOC og styremedlem i Verdas antidopingbyrå (WADA). Johann Olav Koss har også avlagt medisinsk embetseksamen.

Johann Olav Koss er gift og busett i Kanada, der Right To Play også har hovudsetet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]