Johann Wilhelm Schirmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johann Wilhelm Schirmer

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 7. september 1807, 5. september 1807
Jülich
Død

11. september 1863 (56 år)
Karlsruhe

Yrke kunstmålar, universitetslærar, grafikar, lærar
Sjanger landskapsmåleri
Johann Wilhelm Schirmer på Commons

Johann Wilhelm Schirmer (7. september 180711. september 1863) var ein tysk landskapsmålar og grafikar frå Jülich. I Noreg er han kjend som ein av dei førande for dei såkalla düsseldorfarane, fleire norske målarar gjekk i lære hos han.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Wetterhorn, 1838
Fjellandskap, etter 1840

Mellom 1821 og 1824 gjekk Schirmer i bokbindarlære i verkstaden til faren. Ved sidan av byrja han gjennom sjølvstudiar å lære seg å måle, før han i 1826 tok til ved kunstakademiet i Düsseldorf. Der var han elev av Wilhelm von Schadow og Heinrich Kolbe. Etter påverknad frå Carl Friedrich Lessing utdanna Schirmer seg til landskapsmålar.

Frå 1834 til -39 arbeidde Schirmer som hjelpelærar ved Düsseldorf kunstakademi, der han og Lessing var dei viktigaste målarane bak framveksten av Düsseldorfskulen, kva gjeld landskapsmåleriet. Ei reise i Normandie i 1838 førte til at han la meir vekt på å få fram verknaden av farge og lys, og mindre vekt på teikninga i biletet. Denne stilendringa kjem til syne i måleri som Haustlandskap, Wetterhorn og Jungfrau i Sveits. Ei Italia-reise i 1840 førte til at landskapsmålinga hans vart endå meir stilisert og idealisert, og rett ofte med bibelske motiv.

År 1854 vart Schirmer utnemnd til rektor for det nyskipa, statlege kunstakademiet i Karlsruhe av prinsregenten, den seinare storhertugen Friedrich I av Baden.. Her arbeidde Schirmer som lærar for mellom andre Hans Thoma, Rudolf Epp og Anton von Werner.

I sine seinare verk dominerte religiøse tema i Schirmers kunst, medan dei aller siste bileta ikkje lengre høyrde til noko bestemt retning. Dei er allmenne uttrykk for stemningar eller tankar og syner noko som kan nærme seg ein impresjonistisk stil.

Schirmers grafiske trykk, rundt 30 blad, er lite kjende. I sine ungdomsår og opptil 1840-åra var dei av stort verde for kunstnaren. Han likte radering best, men arbeidde også med litografi. I 1829 laga han i Düsseldorf si fyrste radering; Den bedande nonna. Atten år seinare, 1847, presenterte han samlemappa Åtte original-raderingar av landskap, med blad av ulik årgang.

Han døydde i Karlsruhe hausten 1863, 56 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johann Wilhelm Schirmer