Johannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kyrkjefaderen Johannes Chrysostomos med namnet sitt skrive på gresk.
Astronomen Johannes Kepler med namnet sitt skrive på latin.
Komponisten Johannes Brahms i eit fotografi med autograf.

Johannes (ofte forkorta Johs) er eit førenamn som kjem av hebraisk Joḥanan, som tyder «Gud (JHVH) er nådig». Det hebraiske namnet har spreidd seg i den kristne verda gjennom den greske avleiinga Ioánnes (Ιωάννης), på latin Ioannes eller Iohannes. Jon og Johannes har namnedag ved jonsok, 24. juni.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Namnet finst i mange former på ulike språk. Norske kortformer er til dømes Jo, Jon, Johs, John, Johans, Jens, Jøns, Jan og Hans. Frå engelsk kjem formene John, Johnny og Jonny. Andre former av namnet er Heinz (tysk), Juan (spansk), Giovanni (italiensk), Jean (fransk) og Ivan (russisk).

Ei rekkje etternamn er avleidde av namnet, til dømes Johannessen/Johannesen, Johansen, Jonsen og Jonsdotter.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Johannes var mykje brukt i Noreg ved slutten av 1800-talet, då over 1,5 % av nyfødde gutar blei gjevne namnet. I 1900 hadde 22 702 nordmenn namnet Johannes. Namnebruken sokk kraftig fram mot 1970-åra, før han tok til å auka igjen. I 2007 hadde 6 848 nordmenn namnet i den fulle forma Johannes, men fleire personar hadde også namneformene Hans, Johan, Jon eller Jan.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bibelske personar med namnet Johannes:[endre | endre wikiteksten]

Kjende personar med namnet Johannes[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]