Johannes' openberring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrert side frå Johannes' openberring i Otteinrich-bibelen frå 1400-talet.

Johannes' openberring, òg kalla apokalypsen, er den siste boka i Det nye testamentet, tradisjonelt tilskriven apostelen Johannes, son av Sebedeus. Boka gjev ei openberring av dei siste tider og verdsundergangen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud. Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»

Openberringa byrjar med ei helsing og held fram med brev til sju kyrkjelyder i Vesleasia; i Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea. Kvar helsing sluttar med orda «Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!»[1]

Så held openberringa fram med eit syn[2]: Han såg fire skapningar som alle hadde med seks vengar, ein lik ei løve, ein lik ein okse, ein med menneskeandlet og ein som ei ørn i flòg. Skapningane omgav eit lam med sju augo og ein kongsstol; han som sat på kongsstolen hadde ei bok med sju segl.

Når segla var brotne, vart det blese i sju basunar, og så følgde den store striden, følgd av sju skåler med plagar for menneskja før domen fell over Babylon.

Så kjem Kristus att og sigrar, og vi får høyre om den nye himmelen og den nye jorda.[3]

Gåter[endre | endre wikiteksten]

Openberringa brukar symbol frå Bibelen, jødisk apokalyptisk litteratur og mytologien i det nære austen. Eit døme på jødisk numerologi er dyrets tal, 666.[4] Forfattaren er òg påverka av gresk-romersk astrologi og kosmogoni.

Johannes skriv ned openberringa på Patmos, måla av Hans Memling 1479

Forfattaren[endre | endre wikiteksten]

Openberringa er tilskriven Johannes, Jesu læresvein og forfattar av Evangeliet etter Johannes og Johannes' brev. Men sidan det var tradisjon å hevde at akopalyptiske bøker var skrivne av kjende personar, er det like sannsynleg at forfattaren har vilt få lesarane til å tru at Johannes er forfattaren. Johannes var dessutan eit vanleg namn. Openberringa skal vere skriven på Patmos, som romarane brukte til straffekoloni.

Forfattaren er delvis skriven på godt gresk, men stilen er tildels ugrammatikalsk med arameiske og hebraiske uttrykksmåtar, kanskje eit medvite forsøk på å få stilen til å likne den vi finn i eldre skrifter.

Openberringa er truleg skriven mot slutten av det fyrste hundreåret e.Kr., under keisar Domitians regjeringstid. Kristenforfølgingane på den tida vart oppfatta som innleiinga til den siste trengselstida,[5] hendingar vi kan finne att i forteljingane i openberringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Op 2,7 m.fl.
  2. Op 4,1 ff
  3. Op 21,1
  4. Op 13,18
  5. «Johannes' åpenbaring» i Kunnskapsforlaget store norske leksikon, ISBN 82-573-0030-6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Johannes' openberring
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Johannes' openberring


Spire Denne kristendomsartikkelen som har med litteratur å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.