Johannes Harbitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Harbitz

Fødd26. desember 1831
Askvoll kommune
Død5. september 1917 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
FarGeorg Prahl Harbitz
Alle verv

Johannes Winding Harbitz (26. desember 18315. september 1917) var ein norsk sjømann, skipsreiar, stortingsmann og statsråd for partiet Høgre. Georg Harbitz var far hans.

Harbitz var fødd i Askvoll. Han vart student i 1850 og tok styrmannseksamen i 1852. Deretter var han sjømann frå 1853, sigla som skipper 1859-69. Sidan var han skipsreiar, busett i Tønsberg. I Tønsberg hadde han ein heil del tillitsverv. Mellom anna var han medlem av bystyret 1867-93 og ordførar i til saman 12 år. Vidare var han styreformann i assuranseforeininga Vestfold 1879-93. Han var medlem av dei kongelege kommisjonane om loslova 1874, om tolltariffane 1887 og av den skandinaviske sjølovskommisjonen 1883.

Harbitz var innvald på Stortinget for Tønsberg frå 1880 og vart gjenvald fire gongar. 1880-85 var han medlem av konstitusjonskomiteen, 1886-93 av nærinsgkomite nr 1. Dessutan var han medlem av valkomiteen 1889-93 og av Lagtinget 1892-93.

I perioden 1893-95 var Harbitz medlem av Emil Stangs andre regjering, først i statsrådsavdelinga i Stockholm til juli 1894, deretter sjef for forsvarsdepartementet fram til april 1895 og til sist sjef for revisjonsdepartementet til regjeringa gjekk av i oktober 1895.

I 1887 vart Harbitz utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, forfremja til kommandør av 1. klasse i 1895. Han mottok også den danske Dannebrogordenen og den svenske Nordstjerneordenen.

Harbitz budde i Tønsberg til 1897, då han flytta til Ris i Vestre Aker. Han døydde der i 1917.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]