Johannes Junge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Junge
Fødd 1400 (624 år)
Yrke bilethoggar
Johannes Junge på Commons
Margrethe I sitt gravmæle i Roskilde domkyrkje.
Foto: Nils Jepsen

Johannes Junge (levde i fyrste del av 1400-talet) var ein tysk bilethoggar som var verksam i Lübeck i seingotikken, rundt 1406-1428.[1] Ein kjenner ikkje til noko om livet eller utdanninga hans og ingen verk kan med sikkerheit seiast å vere laga av Junge.

Ein antek at sarkofagen hennar Margrethe I i Roskilde domkyrkje er laga av Junge, men det er usikkert. I følgje eit dokument frå 1446 har Junge laga eit gravmæle i Danmark, men det finnast ikkje prov for at det var sarkofagen hennar Margrethe.[2] Undersøkingar av den svarte kalksteinen som er nytta i sarkofagen har vist at den kjem frå Skåne.[2] Det kan moglegvis tyde på at sarkofagen er laga i Danmark av ein innkalla verkstad. Gravsteinen som er nytta til grava til biskop Peder Jensen Lodehat i domkyrkja er laga av same steinsort.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]