Johannes Klingenberg Sejersted

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes Klingenberg Sejersted

Johannes Klingenberg Sejersted (fødd 7. april 1761 i Stjørdal, død 17. september 1823 i Trondheim) var ein norsk offiser.

Sejersted er særleg kjent som den som utarbeidde ein norsk forsvarsplan for statthaldar Kristian Fredrik i 1813. Planen vart i store delar fulgt under krigen mot Sverige året etter. Han blei utnemnd til sjef over den nyoppretta generalstaben i 1814. Sejersted var òg med på stormannsmøtet på Eidsvoll.

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Sejersted var innehavar av Dannebrogordenen og Sverdordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Carl Johan Anker: Biografiske data om 330 norske, norskfødte eller for nogen tid i den norske armé ansatte generalspersoner : 1628-1885, side 239-241 digital utgåve