Johannes Ness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Ness
Fødd 3. august 1865
Død

15. november 1944 (79 år)

Yrke kunstmålar
Johannes Ness på Commons
Johs. L. Ness teikna av Lul Krag i 1935.
Rosendal teikna av Johs. L. Ness i 1924. Motivet viser sentrum i 1874, altså før utskiftinga.

Johannes Larsson Ness, (3. august 186515. november  1944), var kunstmålar, songar, dirigent, orgelbyggjar, kjøkemeister og landhandlar, og levde heile sitt liv i Rosendal i Hardanger, Noreg. Namnet hans vert ofte forkorta til Johs. L. Ness. Etternamnet vart opphavleg skrive Næs.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Johannes L. Ness var i stor grad sjølvlærd målar. Einaste opplæring av betydning fekk han hjå den berømte marinemålaren Johan Jakob Bennetter på Sola i 1886. Trong økonomi gjorde at vidare utdanning ikkje lét seg realisera. Men Ness slutta ikkje å måla av den grunn. Han laga truleg i overkant av 300 bilete, mest oljemåleri. Motiva fann han i naturen kring seg, Rosendalsfjella, fjorden, seglbåtar, bygdelivet, gardstun. Men han laga også mange portrett med kolstift. Mange av bileta har i dag høg lokalhistorisk verdi. Dyktige kunstnarar som Lul Krag, Fridtjof Smith-Hald, Lars Osa og Henrik Sørensen kom med lovord om bileta til Ness. Sørensen skreiv: "Tak ham for det rene, himmelske lys som stråler ut fra hans bilder. Som glæder og vederkveger mig meget." Stub Wiberg, ein av landets mest populære skodespelarar i si tid, skreiv i 1910 følgjande om Ness: "... at Sandsen, Øiet, Følelsen, Opfatningen, i det hele; den rare, lille Ting, som aldrig maa mangle, den havde han." Ness sine kunstverk finst i dag over heile Noreg, og til og med i USA er det ein del bilete.

Ness var i alle år sentral i kulturlivet i heimbygda. Han dirigerte fleire kor, men spesielt hans innsats i Rosendal Songlag må trekkjast fram. Koret vart skipa i 1883, og Ness var med frå byrjinga. I 1885 overtok han som dirigent, eit verv han beheldt i over 50 år, fram til 1937. I 1896 vart Rosendal Musikklag etablert med Ness som ein av initiativtakarane. Her dirigerte han frå 1901 til 1914. Ness var særs oppteken av song og musikk, og laga også nokre eigne songar. Mest kjend er "Rosendalssongen". Han laga også instrument, både feler og orgel. Det er dokumentert at han laga tre harmonium og tre pipeorgel (m.a. det fyrste i Ænes kyrkje).

Ness gifta seg i 1894 med Magnhild Larsdotter Hjortaas frå Hatlestrand. Saman fekk dei 5 born. Hans mest storslåtte bilete er nok oljemåleriet av kona Magnhild og dottera Laura, laga i 1902. Kolteikninga "Septemberkveld" frå 1918 fekk han opptrykt i Oslo, og det finst mellom 50 og 100 eksemplar av dette motivet. Johannes L. Ness døydde 15. november 1944, berre 13 dagar etter sitt eige gullbryllaup.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

Professor Axel Revold ved Kunstakademiet føreslo på byrjinga av 1940-talet å arrangera ei Ness-utstilling i Oslo etter krigen. Sidan kunstnaren diverre døydde før den tid, vart det aldri noko av planen. Endeleg i 1980 vart det laga til utstilling i Rosendal Samfunnshus med bilete av Ness og Lul Krag. Neste utstilling av bileta til Ness var på Baroniet Rosendal frå 4. august - 16. oktober 2006. I samband med dette lanserte Morten Nygård biografien "Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness". Forutan mykje tekst og gamle foto, viser denne boka alle 47 bileta som var utstilt på Baroniet. Det er også laga ei eiga internettside om Johs. L. Ness.

I 2010 var nokre av Ness sine måleri med på utstillinga «Skutemaleri frå Hardanger» hjå Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund.

I 2012 nytta songaren Kari Malmanger ein tekst av Johs. L. Ness på plata «No soli bakom blåe fjell».

I 2014 gav Arvid Møller ut boka «En kunstens prestinde, Lul Krag 1878-1956». Der er det eit eige kapittel om venskapen mellom Krag og Ness, og om hennar arbeid for å få til ei Ness-utstilling i hovudstaden etter krigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]