Johannes Ockeghem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes Ockeghem
Johannes Ockeghem.jpg
Fødd ca. 1410, Saint-Ghislain i Belgia
Død 6. februar 1497, Tours i Frankrike
Sjanger Renessansemusikk
Yrke Komponist

Johannes Ockeghem (fødd ca. 1410, død 6. februar 1497) var ein fransk-flamsk komponist som fekk stor tyding for utviklinga av den flamske skolen.

Liv og verk[endre | endre wikiteksten]

Johannes Ockeghem vart fødd i Saint-Ghislain, i dag i Belgia, mellom 1410 og 1425. Den første datoen vert rekna som mest sannsynleg, basert på eit dokument som syner at han skal ha møtt den noko eldre Gilles Binchois, medan denne framleis var i Hainaut. Sidan Binchois reiste herifrå alt i 1423, er det truleg at Ockeghem i det minst lyt ha vore korgut på denne tida. Det er ikkje usannsynleg at Binchois var læraren til Ockeghem.

Samtidige dokument syner at han var songar, først i Vår frue kyrkje i Antwerpen frå 1443 til 1444, og sidan i teneste hjå hertugen av Bourbon. Frå 1450 var han tilsett ved det kongelege kapellet i Paris, der han tente under kongane Karl 8., Ludvig 11. og Karl 9., til han døydde i 1497.

Under dei franske kongane vart han tilsett som første kapellmeister, og vart tiltrudd oversynet med skattkista til kongen. Bortsett frå ei reise til Spania var han ikkje mykje utanfor Frankrike i livet. Han møtte Guillaume Dufay under ei reise til Cambrai i 1464. Ockeghem var ikkje berre komponist, men og ein fremragande diplomat og matematikar. Dette siste var ofte rekna som ein naudsynt tilleggsdisipln for ein komponist.

I samtida vart Ockeghem rekna som den fremste. Johannes Tinctoris nemner han først av alle i lista si over dei beste komponistane på 1400-talet. Han fekk lovtalar av mellom andre Erasmus frå Rotterdam etter at han var avliden. Diktaren Jehan Molinet skreiv eit minnedikt om han, der han reknar opp fire yngre komponistar som gret over han. Teksta vart tonesett av Josquin des Prez. I samtida såg ein heil generasjon komponistar Ockeghem som eit førebilete. Seinrenessansehistorikarane gav han beint fram æra for å ha «skapt» renessansemusikken.

Gjennom Ockeghem kom den franske påverknaden attende i europeisk musikk. Særskilt musikken hans er rekna som ei blanding av fransk og flamsk i stil. Musikken til Ockeghem kan elles vera rik på innfall, og fyld med intrikate rytmiske liner. Ockeghem skal ha hatt ein fyldig bass, og mange av verka hans inneheld fantasirike bassliner, meir enn det som til då hadde vore vanleg. Av verka hans er det berre ein leivd att: 14 messer, 5 motettar og 21 chansonar. Attåt var han ein av dei første som skreiv eit rekviem.

Han skreiv for både fire og fem stemmer. Parodimessa kan ha vore utvikla av Ockeghem, som ikkje var nøgd med å nytte ein einskild cantus firmus som melodisk førelegg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]