Johannes Okkenhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Okkenhaug

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1857
Frol kommune
Død

29. juli 1935 (78 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Johannes Okkenhaug på Commons

Johannes Karlsson Okkenhaug (21. februar 185729. juli 1935) var ein gardbrukar, skuletyrar og Venstre-politikar. Han var innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag i fem periodar, 1891-93 og 1916-27, og var vararepresentant i tre periodar. Okkenhaug var ordførar i Frol 1891-95, og i Sparbu 1901-04, 1907-10 og 1913-16. Han var 1895-1922 den fyrste styraren ved Mære landbruksskole.

Okkenhaug var fødd på Okkenhaug i Frol i 1857. 1876/77 var han på Inderøy elev ved Hans Konrad Foosnæs sin omreisande folkehøgskule. Deretter tok han eksamen i den høgre avdeling ved Ås landbruksskole i 1881. Han var 1885-91 lærar i landbruksfag ved Kuløys folkehøgskole. År 1886 tok han over farsgarden og dreiv denne til 1895, då han vart styrar ved Mære landbruksskole, ei stilling han hadde fram til 1922. På ny dreiv han så i fire år farsgarden. Frå 1928 var han administrerande direktør i Levanger og Omegns Kreditbank.

Okkenhaug var 2. vararepresentant til Stortinget 1889-91, møtte i 1891 frå 6. mars då Vilhelm Andreas Wexelsen vart statsråd. Han 4. representant frå Nordre Trondhjems amt i den neste stortingsperioden 1892-1894. 1895-97 var han 1. vararepresentant 1895-97, møtte kortvarig fleire gonger på tinget i alle dei tre sesjonane i perioden. Trass i at han var 2. vararepresentant for åra 1898-1900, møtte han så å seie heile perioden på Stortinget, då i staden for Ole Anton Qvam som vart statsråd i februar 1898. 1891-94 var Okkenhaug medlem av militærkomiteen, 1895-99 medlem av og 1900 sekretær i landbrukskomitéen. Åra 1916-1927 hadde han fast plass på Stortinget. I alle åra medlem av landbrukskomitéen, 1922-27 som nestformann.

Okkenhaug var mellom stiftarane av Norsk Landmandsforbund i 1896. Han var med i landsstyret, ei periode var han nestformann. Elles var han formann både i fylket sitt landbruksselskap og skogselskap. Han var medlem av departementskomitear vedkomande utskrivinga av hestar til hæren (1898), av Verdalkomiteen (1900) og om utskifting etter Verdalsraset. I 1917 var han medlem av Husmannskommisjonen.

Okkenhaug mottok Kongens fortenstemedalje i 1922. Ei byste av han vart i 1936 reist ved Mære landbruksskole.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]