Johannes Stark
| Johannes Stark | |
| Fødd | 15. april 1874 Freihung i Det tyske keisarriket |
|---|---|
| Død | 21. juni 1957 (83 år) Traunstein i Vest-Tyskland |
| Nasjonalitet | Tyskland |
| Institusjonar | Universitetet i Göttingen Technische Hochschule, Hannover RWTH Aachen Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald Universitetet i Würzburg |
| Alma mater | Universitetet i München |
| Doktorgradsrettleiar | Eugen von Lommel |
| Kjend for | Stark-effekt |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (1919) |
Johannes Stark {{levde|[[15. april|1874|21. juni|1957|}} var ein tysk fysikar. I 1913 oppdaga han Stark-effekten, dvs forskyving og oppsplitting av atoms og molekyls spektrallinjer i eit elektrisk felt.
Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 1919.
Etter andre verdskrigen vart han idømd fire års fengsel for sin aktive innsats for ein «arisk» fysikk i motsetnad til den «jødiske» fysikken til Albert Einstein og Werner Heisenberg. Grunntanken, som ein annan Nobelprisvinnar, Philipp Lenard, utvikla i firebindsverket sitt Deutsche Physik frå 1935, var at alt menneskeverk, inkludert vitskap, avspeglar rasen til skaparen, slik at tysk fysikk var meir eksperimentell og samfunnsnyttig enn den «jødiske», som vart framstilt som spekulativ og abstrakt, fordi ein «ariar» visstnok trekte slutningar frå observasjonar av naturen, medan ein jøde nøgde seg med matematiske formlar.