Johannes Tørrissen Worum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Tørrissen Worum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juni 1817
Ytterøya
Død

20. desember 1889 (72 år)
Ytterøya

Yrke politikar, lærar, klokkar
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Far Tørris Johnsen Worum

Johannes Tørrissen Worum, (4. juni 181720. desember 1889) var ein norsk lærar og stortingspolitikar[1] frå Ytterøy i Nord-Trøndelag. Worum var son til stortingsrepresentant Tørris Johnsen Worum og Ingebor Olsdatter.[2]

Worum gjekk ut frå Asker seminar i 1839, og var frå 1840 kyrkjesongar i heimbygda Ytterøy til han døydde. Tida 1840-62 var han også lærar. Han var kommunekasserar i Ytterøy 1845-73 og ordførar for heradet 1848-51 og 1856-59. Dessutan var han forlikskommissær frå 1856 og styreformann for den lokale sparebanken frå 1862.

Worum hadde sete på Stortinget i 1854 og 1859-60 som representant for Nordre Throndhjems Amt.[1] I 1854 var han medlem av budsjettkomiteen, og i 1859-60 av justiskomite nr 2. Ved stortingsvalet mellom dei to tingsamlingane han deltok på, vart han vald til 1. varamann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Johannes Tørrissen Worum – Norwegian Social Science Data Services (NSD)
  2. Ytterøy ministerialbok 1817-1842 (722A04), Fødte og døpte 1817