Johannes V. Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johannes Vilhelm Jensen

Johannes Vilhelm Jensen (20. januar 187325. november 1950) var ein dansk forfattar, omsetjar og nobelprisvinnar. Han skreiv dikt, artiklar, noveller og romanar.

Livsskildring[endre | endre wikiteksten]

Jensen blei fødd i landsbyen FarsøNord-Jylland. Far hans var distriktsveterinær, og Jensen tok fatt på ei utdanning som medisinar, men skreiv og utgav stykke allereie då. Han valde livet som skribent, men brukte mykje av det han hadde lært om naturvitskap i forfattarskapen sin.

Jensen livnærte seg lenge som frilansjournalist for fleire aviser, der han skreiv artiklar og kronikkar. Han skreiv òg føljetongar under løyndenamnet Ivar Lykke i tidsrommet 1895-98 for å klara seg. Han debuterte under sitt eige namn i 1896 med romanen Danskere, som har visse sjølvbiografiske trekk. Jensen gifta seg i 1904 Else Marie Ulrik, og dei fekk tre søner.

Forfattaren drog ut i verda, ofte som korrespondent, og tok med seg mange nye impulsar. Han reiste først rundt i Europa, mellom anna på lange opphald i Noreg, og seinare til USA og Asia. Verdsutstillinga i Paris i 1900 overvelda han med sine nye maskinar og teknikkar, og han trudde fast på framstega i verda gjennom teknologien.

Han døydde i København i 1950 og er gravlagd på Bispebjerg kyrkjegard.

Interesser[endre | endre wikiteksten]

Eitt av hovudemna hans var evolusjonsteorien og darwinismen, som han meinte var blitt forvrengd av nazistane og liknande. Han vidareutvikla sin eigen teori om evolusjonen i ein serie på seks romanar, Den lange rejse, som kom ut mellom 1908 og 1922.

Han var òg interessert i folkelitteratur, og gav ut fleire verk der han brukte eventyr og legender frå heimstaden. Heimen hans var hovudsakleg anti-religiøs, men både faren og søstera var tiltrukne av spiritismen, noko som òg gav forfattaren stoff til bøker.

Jensen fornya fleire sjangrar i dansk litteratur. Prosadikta hans, inspirerte av engelsk diktkunst, innleia dansk modernisme. Han introduserte kortprosaforma, som han brukte i ellevebindsverket Myter. Essaya hans om evolusjon og antropologi var ei blanding av sakprosa og ordkunst.

Dei islandske sogene var òg interessante for forfattaren. Han omsette fleire av dei til dansk, og skreiv ein studie om kvinna i sagatida som kom ut i 1942.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 1944 fekk Jensen Nobelprisen i litteratur, i følgje tildelarane for den fruktbare fantasien sin, nyfikenheiten og den friske kreative stilen sin.

I 1999 blei romanen hans Kongens Fald kåra til den beste boka frå det 20. hundreåret av lesarane til Politiken og Berlingske Tidende.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Sakprosa

  • Den gotiske Renaissance, dokumentar, 1901
  • Skovene, reiseskildring, 1904
  • Den ny Verden, dokumentar, 1907
  • Nordisk Aand, kulturkritikk, 1911
  • Rudyard Kipling, personskildring, 1912
  • Introduktion til Vor Tidsalder, dokumentar, 1915
  • Johannes Larsen og hans Billeder, personskildring, 1920
  • Æstetik og Udvikling, essay, 1923
  • Evolution og Moral, kulturkritikk, 1925
  • Thorvaldsens Portrætbuster, personskildring, 1926
  • Nordvejen, reiseskildring, 1927
  • Dyrenes Forvandling, essay, 1927
  • Aandens Stadier, essay, 1928
  • Retninger i Tiden, kulturkritikk, 1930
  • Form og Sjæl, personskildring, 1931
  • Fra Fristaterne, reiseskildring, 1934
  • Det Blivende, essay, 1934
  • Jyske Folkelivsmalere, personskildring, 1937
  • Thorvaldsen. Haandværkeren og Manden, personskildring, 1938
  • Mindets Tavle, personskildring, 1941
  • Vor Oprindelse, essay, 1941
  • Kvinden i Sagatiden, personskildring, 1942
  • Tilblivelsen (revidert utgåve av Dyrenes Forvandling), 1950

Skjønnlitteratur

  • Danskere, roman, 1896
  • Einar Elkær, roman, 1898
  • Himmerlandsfolk, forteljingar, 1898
  • Intermezzo, noveller, 1899
  • Kongens Fald, roman, 1901
  • Nye Himmerlandshistorier, forteljingar, 1904
  • Madame D’Ora, roman, 1904
  • Hjulet, roman, 1905
  • Digte 1906, dikt, 1906
  • Myter og Jagter, myter, 1907
  • Bræen, (Den lange Rejse) 1908
  • Himmerlandshistorier. Tredje Samling, forteljingar, 1910
  • Myter. Ny Samling, myter, 1910
  • Nye Myter, myter, 1910
  • Skibet, (Den lange Rejse) 1912
  • Myter. Fjerde Samling, myter, 1912
  • Eksotiske Noveller, noveller, 1915
  • I Det indiske Ocean, myter, 1916
  • Norne-Gæst, (Den lange Rejse) 1919
  • Det tabte Land, (Den lange Rejse) 1919
  • Christofer Columbus, (Den lange Rejse) 1921
  • Cimbrernes Tog, (Den lange Rejse) 1923
  • Aarets Højtider, dikt, 1925
  • Verdens Lys, dikt, 1926
  • Ved Livets Bred, myter, 1928
  • Den jyske Blæst, dikt, 1931
  • Pisangen, myter, 1932
  • Kornmarken, myter, 1932
  • Sælernes Ø, myter, 1933
  • Dr. Renaults Fristelser, roman, 1935
  • Gudrun, roman, 1936
  • Paaskebadet, dikt, 1937
  • Mariehønen, myter, 1940
  • Møllen, myter, 1944