Johannes Vigdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannes Vigdal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. mars 1851
Død

22. oktober 1929 (78 år)

Johannes Hansen Vigdal (15. mars 185122. oktober 1929)[1] var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og fjellførar. Han var frå garden Nedre Vigdal i Jostedalen i Luster kommune i Sogn. Frå 1877 var han tilsett som lærar i Solvorn i Hafslo, også i Sogn. Han kjøpte eit gardsbruk på Valaker og dreiv dette ved sidan av lærargjerninga.

Fjellklivaren[endre | endre wikiteksten]

I 1881 vart han spurd av den britiske fjellklatraren William Cecil Slingsby om han ville vere med som fjellførar. Vigdal skal då ha svart at han var villig å fylgje Slingsby kvar det skulle vere. Same sommaren besteig dei Knutsholstinden, Hellstugutinden og Mjølkedalstinden. I dei to neste tiåra var Vigdal ein leiande førar i norske fjell. Mange britar som søkte jomfruelege fjell, hyrte ofte Vigdal til sine turar. Saman med skotten Charles W. Patchell gjekk han mange nye ruter til tallause fjelltoppar i Jotunheimen. Sommaren 1897 var Vigdal med på fleire fyrstebestigningar på Sunnmøre, alle saman med ein eller to britar. Vigdal hadde ry som ein framifrå klippeklatrar.

Referansar[endre | endre wikiteksten]