Johannisberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannisberg

Johannisberg (luxembourgsk Gehaansbierg) er ein ås, ei borg og ein heilag stad sør i Luxembourg i kommunen Dudelange. Han er 417 meter over havet.

Johannisberg har truleg vore ein heilag stad sidan førkristen tid. Dei årlege pilegrimsreisene til Johanneskapellet på toppen ved jonsok (23. juni) vart i mellomalderen følgd av ekstatisk dans. Den rituelle dansen vart visstnok utført for å avparere sanktveitsdans, men kan òg vere noko som hang att frå heidensk tid.

Ei borg og ei avdeling av Johannitar-ordenen vart bygd på Johannisberg på 1500-talet og på denne tida høyrde staden til von Isenburg-familien. I 1937 vart det bygd ein krossvegstasjon, som framleis vert nytta på jonsok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]