John Trivers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John Trivers

John Trivers, 2012
Fødd1946 (78 år)
FødestadBuffalo i New York i USA
OpphavUSA
Verka somLåtskrivar og musikar
Gift medLiz Myers

John Trivers (fødd 1946) er ein amerikansk låtskrivar og musikar. Han har arbeidd mykje med Blue Öyster Cult og Tina Turner, og var medlåtskrivar i lag med kona og partnaren Elizabeth Myers på fleire populære reklamejinglar, fjernsynsprogram og filmmusikk.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Gruppa Lost and Found, 1966. Frå venstre: Peter Haviland, Jeff Hayes, John Trivers, Eric Bloom og George Faust

Trivers starta musikkarrieren i bandet Lost and Found, fronta av Eric Bloom, som han seinare samarbeidde med i Blue Öyster Cult.[2][3]

Frå 1972 til 1979 spelte han i Broadway-musikalar som Grease, der han i 1976 møtte den framtidige kona og partnaren sin Elizabeth (Liz) Myers. I 1980 byrja han å studere postproduksjon i film og fjernsyn ved UCLA. Tidleg i 1980-åra var han òg medlem av Vancouver-bandet Prism, og han har spelt med Janis Ian, Mary Travers, Peter Allen og Tina Turner.

Trivers og kona flytta til Los Angeles og byrja eit selskap som laga musikk til reklamar, Trivers-Myers Music. I lag skreiv dei kjende tema som vart nytta på CBS Evening News,[4] og den prisvinnande reklamekampanjen for Apple Computer Macintosh, regissert av Ridley Scott og Adrien Lyne.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Blue Öyster Cult[endre | endre wikiteksten]

  • Fire of Unknown Origin, 1981
    • Sole Survivor (med Eric Bloom og L. Myers)
    • After Dark (med Eric Bloom og L. Myers)

Med Elizabeth Myers[endre | endre wikiteksten]

  • Filmen Birch Street Gym i 1993
  • Kjenningsmelodien til «CBS Evening News with Dan Rather» (med Alan Pasqua)
  • 1998, filmen Norma Jean, Jack & Me
  • 2000, filmen Broke Even
  • 2001, filmen The Day Reagan Was Shot

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Queenan, Joe (October 25, 1993). «Classical gas». Forbes. 
  2. Adelson, Andrea (August 27, 1998). «Companies are increasingly seeking to identify their products with music, both old and new». New York Times. Henta 22. april 2016. 
  3. «Eric Bloom biography». Hobart College alumni website. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 22. april 2016. 
  4. Leiser, Ernest (January 6, 1988). «Composers change the sound of the news». San Francisco Chronicle. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: John Trivers