John, I'm Only Dancing (Again)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John, I'm Only Dancing (Again)
Singel av David Bowie
B-side

John, I'm Only Dancing

Utgjeve 7. desember 1979
Innspelt Sigma Sound Studios, Philadelphia; August 1974
Sjanger Disco
Lengd 6:57 (12"-versjon)
3:26 (singelversjon)
Selskap RCA
BOW 4
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Look Back in Anger»
(1979)
John, I'm Only Dancing (Again) «Alabama Song»
(1980)


«John, I’m Only Dancing (Again)» er ein song av David Bowie. Songen var ei nyinnspeling av songen «John, I’m Only Dancing» frå 1972, spelt inn under Young Americans-innspelinga.

Han vart gjeven ut på singel etter å ha lege på hylla i fem år. Songen er langt meir funkaktig og har visse likskapar med songen «Stay» spelt inn for Station to Station i 1976. Songen var opphavleg 6:57 lang, men vart redigert ned for singelutgjevinga. Den fulle versjonen vart gjeven ut på ein 12"-singel, den første Bowie-singelen som fekk ei 12" utgjeving i Storbritannia. For B-sida valde ein originalversjonen av «John, I'm Only Dancing» i ein ny miks. Etter heller skuffande sal av singlane frå Lodger, gav denne singelen Bowie noko meir merksemd. 12" versjonen vart seinare gjeven ut som bonusspor på Young Americans.

Omarbeidinga av «John, I'm Only Dancing» tar ikkje med dei originale versa, og berre refrenget er att. Den nye teksten omhandlar dansing og var i discoanda som var på denne tida. Refrenget vert levert meir langsamt med danserytmar i staden for blues-rytmen frå originalen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Alle songar av Bowie

7": RCA / BOW 4 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
  2. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43

7": RCA / 11886 (US)[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 3:26
  2. «Golden Years» - 4:03

7": RCA / 11887 (US)[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43
  2. «Joe The Lion»

12": RCA / BOW 12 4 (UK)[endre | endre wikiteksten]

  1. «John, I'm Only Dancing (Again)» – 6:57
  2. «John, I'm Only Dancing (1972)» – 2:43

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Creem - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (listed on the album as John, I'm Only Dancing)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]